Utsjånad
No har eg miksa og triksa litt med bloggutsjånaden. Med litt fantasi håpar eg det går greit å lesa overskrifta! I opera ser no bloggen veldig Ok ut. I Internet Explorer (som er noko litt anna enn windows utforsker, til dei det måtte gjelda) ser eg at sverdet framleis ser litt knekt ut. Men då får dei tenka at bloggens utsjånad er henta frå før the sword was reforged. Eller så kan du gjera det burde ha gjort for lang tid sidan, skifta til Opera. Firefox-brukarar, korleis ser sida ut i dykkar nettlesar? Med mindre eg får sterke protestar (eller feilmeldingar) så blir den endelege utsjånaden omtrent slik. Er det ok at det er 5 kommentarar på sida?
Lufthus.
Ein gong i oppveksten hugsar eg at eg fekk eg eit brev som var adressert til Øystein Lid, 5774 Lufthus. Denne skrivefeilen har vorte foreviga gjennom denne bloggen. Det vil seia, då bloggen vart starta, i 2005, var det under eit anna og meir obskurt namn, som dei som vil utforska bloggarkivet sikkert kan finna ut av. For de andre har eg her laga ei lita liste over interessante innlegg som har stått på trykk her på sida.
Interessante innlegg
Ein heil del underbare saker og prosjekt har utfolda seg her. Som den gongen eg lagde ein rapp av ein litteraturvitskapleg tekst, tok opp og la ut her på sida. På ein eller annan måte fekk Ingvild tak i denne, kopierte han over på mp3-spelaren sin, og vips så var underholdningen redda på matematisk institutt den dagen. Så den er sensurert no.
I 2005 fekk eg den strålande idéen å laga ei bibelomsetjing på min eigen dialekt, harding. Det relativt kortvarige prosjektet kan lesast om her.
Min bror Hallvards "tilbakeblikk på ein faren ferie" frå våren 2005 let seg framleis lesa om att.
Min aller fyrste reportasje såg ikkje dagens ljos andre stadar enn her på sida. Eg sneik meg inn på eit litterært arrangement, men bomma nok litt når eg prøvde å få avisa på trykk i nageD (baklengs, for å hindra googlbarheita).
Hallvards morgonfilosofi
Interessante tankar frå Monika om å flytta til ein ny stad.
Monikas uheldige ferjetur
Øystein: Eit prosadikt eg kallte for pastorale, etter eit besøk til Tysnes.
Hallvard: Humor hjå besta og beste
Øystein: Den fyrste gongen eg greidde å få Victoria til å sovna att.
Høgdepunkt frå Hallvards O’ store sykkeltur
Når Monika drøymer
Navnebroren til Hallvard
Øysteins forvitnelege bibel-nytolking
Når Hallvard drøymer
Øystein siterer ein indianarhovding
Hallvard om Monika
Hallvard: Konflikta som vart til ei god historie
Hallvard om heltar i Bergen
Øystein: Ei merkeleg emosjonell oppleving
Monika om oppturar og nedturar
Øystein: Dagen då eg melde meg ut or Levende Ord
Øystein: Ei oppleving frå barndommen
Hallvard om årstider i nordland
Øystein: Del 2 om Guds namn i Gamle testamente
laurdag, desember 15, 2007
For nye og gamle lesarar
Lagt inn av
Øystein
kl.
00:36
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Hm. Kult med alvisk stil på overskrifta, men eg syns ho er litt vanskeleg å lesa. Men sidan eg veit kva det skal stå, greier eg å lesa meg fram til det.
Eg likar oppsummeringa!
Nei, men alvisk skal jo ikkje vera heilt enkelt å lesa. då hadde eg ikkje fått det til å sjå alvisk ut. etter å ha lese det sjølv mange gonger, blir det lettare og lettare.
det var kjekt å lesa gjennom alle dei gamle innlegga! masse eg hadde gløymt.
kva nettlesar nyttar du forresten? er sverdet brote eller samansmidd hjå deg?
Ja! Eg òg hadde ei slik oppleving den kvelden eg gjekk gjennom gamle innlegg for å sensurera.
Med ein god porsjon latskap nyttar eg framleis bortskjemde Internet Explorer. Og den viser framleis "the shards of Narsil." Hehe.
Ufatteleg masse bra innlegg me har laga oppigjennom, ja! Var veldig artig m denne oppsummeringa. Likar betre og betre vår nye blogg! For gale å halde desse innlegga skjult for allmugen!
forøvrig: skrifta er fin, 5 kommentarar er greit.
Legg inn en kommentar