måndag, august 08, 2005

Denne må kraftig kortast ned...

...for no er det mykje å fortelja om her! Eg får nøya meg med høgdepunkta.

Turen ned var inkje mindre enn ei oppleving som skal hugsast med glede. Å trilla nedover mil etter mil, med vinden i hjelmsveisen og med fridom til å stogga kvar ein vil, er neimen inga dårleg kjensle, det heller. Og så mykje rart som me såg! Ei firfisle, ein hare, ein hoggorm, fiskevak, svermar av knott og tidenes største sandtak for å nemna noko.

Men Setesdalen var verkeleg ein stad som ikkje såg ut til å ha takla den industrielle revolusjonen særleg godt, om de skjønar... Nokre stader hadde ein inntrykk av at asfaltvegen som stadig strekte seg frametter og la etter seg meir og meir av gokk, var forgjeves arbeid frå Vegvesenet si side. Særleg sidevegane der me stort sett var dei einaste farande. Fleire av tunnellane der hadde forresten ikkje ljos.
På ein måte litt artig å ha sett slike delar av landet òg.

Men så var det korsommarskulen, då! Det er alltid moro å syngja, men det skjer alltid eit eller anna keisamt på denne staden, og eg sit att med blanda kjensler. Eg veit ikkje nett kvifor, men eg veit ikkje heilt kor lenge eg vil prioritera denne ferien. Spesielt når han kosta meg så mykje arbeid i strekk som han gjorde i år.

0 kommentarer: