i kveld føler eg at eg held på å drukna i tankespinn...
undrar meg kor liten vegen er mellom at eg tykkjer livet er spennande og utfordrande, til eg føler at alt er skummelt...
eigentleg er det ikkje dei store tankane om viktige valg i livet som plagar meg i kveld, men ganske små problem, bagatellar, ville sikkert nokon hevda, som berre har vorte for mange på ein gong.
det kryr av dei, som ein bisverm eg ikkje kjem meg unna.
sjølv om eg veit at eg isolert sett kunne klartå halde styr på dei.
slike kveldar får eg lyst til å reisa på ferie. slutta i jobben. flytta.
lengtar etter gamle dagar. familien. vennene.
ynskjer at alt var som før.
lengtar etter fredelege dagar med humor, latter, lukke---sukk.
nei. søvn trur eg kanskje gjer susen.. satsa på da.
søndag, oktober 15, 2006
Lagt inn av
Monika
kl.
01:10
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Eg beundrar evnen din til å vera ærleg med deg sjølv!
Eg kjenner meg litt igjen i dette. No bur eg veldig "trygt" i forhold til deg, på ein übersosial UiO-base, og eg har kanskje nok distraksjonar til å ikkje få slike tankar så nærgåande.
Men off the record:
eg lærer kva det er å lengta heim i år.
lengtar du heim hallvard? :)
Til Monika: Du har mi fulle medkjensle. Eg har balt med mange og mykje i det siste, og må berre sei det er utrulig kva underverk ei kort helg ein heilt annan stad kan føra med seg av sjelebot. Ingvild bemerka no i kveld at eg er gladare enn ho i å reisa vekk i helgene. Og i å vera på landet (slik ein er på tysnes) Har ikkje tenkt på det slik før.
Til Hallvard: Kva lengtar du etter når du lengtar heim? Lofthus med ein fulltallig familie samla?
Eg lengtar ikkje konstant heim, men ja, det hender. Og det er ei ny erfaring, sidan eg knapt har vore utanfor Hardanger dei fyrste 18 åra mine.
Tja, kva lengtar eg etter, når det skjer?
Nokon som forstår meg, og eg ikkje treng å forklara/forsvara meg for. Ein setting der eg er godteken for den eg er, og kan slappa av. Mangel på ansvar. Mamma sin kaffimat. Pappa sine sære vanar. Fred og ro. Og gjerne ein og annan sysken, men det er ikkje nødvendig med alle samtidig for min del.
Legg inn en kommentar