Som kjend skal eitt bilete kunna seia meir enn tusen ord. Eg har lasta opp tre, og tek med meg mange heim til jol.
Slik såg det ut i Zapoliarny mykje av tida. Det var jo mørketid, der òg, men dei køyrte på Moskva-tid. Det vil seia 2 timar framfor Noreg. Dermed vart det seinare lyst om morgonane, men òg seinare mørkt om ettermiddagen.
Her skriv eg autografar, som me gjorde etter nesten kvar skuletime. Litt småflautt, men greitt.Klasseromsundervisning. Turid fortel ei historie om draumar, pastor Denis overset, medan Sigurd, eg, Lindsay og Chris sit og heng. Trøytte og gode.
Forøvrig kjøpte eg meg ein jolapresang i Russland! Fenomenale Koss høyretelefonar, til skarve 300 kroner. Så viss du ikkje veit kva du skal kjøpa til meg, kan du jo vera med på å sponsa dei. Hø hø.
laurdag, desember 15, 2007
Innblikk frå Zapoliarny.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
12:03
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Måtte de skriva autografar?? Såg dei på dykk som kjendisar? De song kanskje for dei? No ser eg sida i firefox, og her er sverdet heilt skakt. Lurar på om det går an å la ulike nettlesarar få visa ulike bilder?
Dei såg nok på oss som utlendingar som kom inn for å hengja med ungdommar i Zapoliarny av alle stader. Eg trur det var uvant for dei. Og det var uvant for oss å skriva autografar.
?? så dei tenkte. hm...dette var underleg og uvant...lat oss få autografen deira??
snodig
Legg inn en kommentar