På fleire vis er Bergen ein by som sydar av besynderlig liv under overflata. Dette gjeld ikkje minst byens litterære miljø. Torsdagskveld, 7. april, møttest to forfattarar og to litteraturvitarar til debatt om ”den perfekte tekst” på Logen bar midt i Bergen sentrum. 
Logen bar i tredje etasje på Logen Teater er møtestaden for Bergens kulturelite. Denne kvelden er det litteratur som står på programmet. For nokre dagar sidan sendte arrangøren, Norli Galleriet, ut melding om at det ikkje var plass til fleire deltakarar under kveldens arrangement, så eg er budd på at det vert trongt om plassen. Men at det skulle vera uråd å koma inn i sjølve baren, at eg skulle måtta stå under heile debatten, hadde ikkje slått meg. Frå døropninga kan eg sjå representantar frå alle dei ulike laga av bergenske litteraturelskarar. Her sit kjende forfattarar, poetar, kritikarar, elevar ved skrivekunst-akademiet, litteraturstudentar, bibliotekarar, professorar, forlagsfolk og bokhandlarar.
Fyrst tek Professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, Lars Sætre, ordet.
- Ordet ”perfekt” kan ha ulike konnotasjonar. På den eine sida kan det tyda ferdig, avslutta og dermed irrelevant for postmoderne menneske. Dernest kan ein tenkja på prosess, og noko ein kan arbeida vidare med, når ein høyrer ordet ”perfekt”. Den perfekte teksten arbeider i og med tida, hevdar Sætre, og nemner romanen ”Mrs. Dalloway” av Virginia Woolf.
Bergensforfattar Tomas Espedal på si side, ser saka frå ein annan vinkel.
- I tjue år har eg arbeidd med å skriva den perfekte teksten, men aldri eingong komen i nærleiken. Eg les forfattarar som Dostojevskij og Tolstoj og irriterer meg over at eg veit korleis ein perfekt tekst er, reint instinktivt, men greier ikkje sjølv å reprodusere han.
Hildegunn Dale og Tomas Espedal les eigne tekstar etter tur, medan halvfulle glas med øl, vin og vatn vert tømte rundt om i lokalet. Professor Sætre skyt inn at den siste boka til Tomas Espedal, ”Dagbok”, nærmar seg det ein kan kalle perfeksjon, til svak mumling frå salen. Han skundar seg å føye til at han òg likar tekstane til Hildegunn Dale godt, som på si side seier at ho ikkje trur at det finst nokon perfekt tekst. Her finn Professor Erik Bjerck Hagen det for godt å minna om at det fyrst og framst er dei store engelske forfattarane som nærmar seg det perfekte. Han sender rundt ark med tekstar av Robert Frost og Henry James på. Dei er fullkomne.
Professor Sætre messer heller fram ”Wanderers Nachtlied” av Goethe, fyrst på klingande tysk, dernest på nynorsk, og hevdar at det er perfeksjon. Han trekk fram tidsdimensjonen i diktet, rørsla frå fjell til mark, frå rørsle til stillstand:
Over alle tindar/ er ro. / Og alle vindar/ høyrest no/ knapt som eit sòg./ Små fuglen blundar så varleg./ Vente no! Snarleg/ kviler du òg (Hartvig Kirans omsetjing)
Tomas Espedal reiser seg òg protesterer energisk på tekstane professorane har valt.
- Det er då dagens forfattarar dagens litteraturinteresserte bør engasjere seg i! Han strekar under det han seier med armane. Professorane glattar over konflikta med nokre velvalde, mildt rosande ord om dagens norske forfattarar, og avrundar med at ein tekst ikkje når perfeksjon før han har vore gjennom ein modningsprosess.
laurdag, april 09, 2005
”Den perfekte tekst”
Lagt inn av
Anonym
kl.
12:01
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Konge!
Itte mi meining må da finnast mange forskjellige perfekte tekstar, sida da fins så mange forskjellige sjangrar å skriva perfekt i. Men interessant! Detta e sånn så gir meg lyst te å vetta student.
Legg inn en kommentar