Sidan jolapynten i Finland er eit lite kapittel for seg sjølv, vil eg helst svara på spørsmålet med eit blogginnlegg heller enn ein kommentar.
Og eg kan berre stadfesta: ja. Jolepynten i Finland er sprakande og stygg.
Men no skal det seiast at det var den heilt nordlege delen av Finland eg såg, og ikkje hovudstadsområdet. Men butikkane i nord såg i stor grad ut til å vera dominert av lastebiltrafikk. Hehe.
Reinsdyr laga av blå lys utanfor døra, ein gamal smørsongar-versjon av "White Christmas" durande i bakgrunnen og ein lang motorveg i 20 minusgrader og rim utanfor. Men det har ein underleg form for sjarm! Dei held då motet oppe, iallfall.=)
På vegen overnatta me forresten hjå eit samisk kristent ektepar i nærleiken av Tana.
Russland har eg òg vore i no. Og eg skal halda meg langt unna keisame misjonærforteljingar her på sida. Men kjekt var det! Me budde mest i Zapoliarny, ein om lag 20 år gamal by som har oppstått rundt fabrikkdrift. Det som overraska meg mest, var kor mykje meir utadvendte og frimodige russarane var i forhold til nordmenn. Me vart lett kjent med ungdommane der. Eg likte det godt!
Fattigdomen var ikkje ekstrem, folk hadde det dei trong, sjølv om bygningane var firkanta og grå-gule.
Så eg reiser gjerne tilbake til Russland!
torsdag, desember 13, 2007
Jolapynt i Finland. Eller Russland.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
12:48
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
se så!! detta e layout systo kan leva med!! veldig bra øystein!
e me offentlege no forresten?
Me er offentlege. Dette er eitt forslag. Sverdet såg litt pussig ut i mine nettlesarar. Eg prøvar litt forskjellige.
Beklager forresten at eg ikkje kommenterte innlegget ditt, Hallvard. Eg var litt paff i går. Pappa nevnte at det var meldt eit fela uvær der du befinn/befann deg? Merka de noko til det? Elles trur eg ikkje misjonærhistoriar er under bloggens verdigheit... Men du kan jo utelata alle keisame detaljar. Hadde du nokon interessante samtalar på turen? Det er det eg lurar på.
No offence taken!
Eg veit ikkje om det var bønesvar eller berre flaks, men me merka altså ikkje til noko uver på vegen tilbake. Ikkje før neste dag, då det regna var surt.
Interessante samtalar. Hm. Det var jo begrensa kor mange samtalar me kunne ha med russarane, fordi dei ikkje var så stødige i engelsk, og me ikkje i russisk. Men venlegheit kunne me visa.
Men i teamet, ja!
Eg og Lindsay hadde ein samtale om kva god læring/gode samtalar eigentleg er. Ho meiner at det sjeldan er meir viktig at ho seier noko lurt, enn at nokon andre får uttrykt kjenslene sine.
Det fekk meg til å tenkja.
Eg og Jan Willem snakka om faste ein dag. Poenget med faste. Det gjorde hovudet mitt litt klårare.
Og eg og Sigurd snakka om ei oppleving han hadde hatt, der han på fullstendig mirakuløst vis hadde rukke ei ferje, og han forstod det enno ikkje i dag. For opplevinga streid både mot fornuft, tid og avstand.
Eg trur for meg noko av det beste med turen var å bu i lag med tre-fire andre menn i teamet. Eg likar god mannefellesskap. Enkle, men varme samtalar. Gjensidig respekt, utan mange ord.
Legg inn en kommentar