tysdag, februar 27, 2007

2 for kjærleik

Sist veke var Victoria sørpa forkjølt. Men etter kvart kom ho seg att, og då kjente eg at eg vart glad inni meg for å sjå at Victoria var glad og fornøyd og frisk att. I same augneblink kom det opp i meg ei hending frå langt tilbake i tid, då eg sjølv var liten og i fleire dagar hadde hatt feber og oppkastsykja. Dette skjedde til overmål i juni månad. Den siste dagen eg låg sengeliggande kjende eg meg betre, men framleis slapp. Då kom pappa inn på rommet (no datarommet) der eg låg. Han hadde med seg eit oransje beger i handa. Det var stappfult av dei fyrste morellene frå det tidlegaste treet i hagen og han gav alle saman til meg. Dei smakte så godt som berre årets fyrste moreller rett frå treet kan gjera. Og så sa Pappa: "Det var godt å sjå deg smila igjen"!