I går tok eg altså turen til Bergen midt i jobb-tida, for å sjå Brann banka Viking "ganske så neri støvlane" ilag med Marianne. Tsjempetsjekt! Eg er spesielt fascinert av heile kulturen med å syngja frå stadion. Kvar einaste gong det vart corner for Brann, sette Store Stå i med:
"Kom igjen Bra-ann! Kom igjen Bra-ann!"
Når Ragnvald Soma (ein overløpar ifrå Brann til Viking) hadde ballen, vart det sunge:
"Rykker ned med Soma! Rykker ned med Soma!"
Men den beste songen av dei alle, tykkjer eg er ein som byrjar på melodien Jesus elsker alle barna.
"Vi e berømte Brann fra Bergen!
Vi vinner serien i år!
Ja, så visst så gjør vi det,
som i 1963
mens vi ber for alle bønder i Vårt Land!"
Så no kan de jo tru at dagens helt er ein eller annan Brann-spelar. Den gang ei.
Då eg overnatta hjå Alf Magne i natt, hadde eg mobilen på 06.20. Dét var nok litt i tidlegaste laget for meg. Kroppen var ulydig mot hjernen, og eg la meg umedvite til å sova att.
Neste gong eg såg på klokka, var ho sju. Bussen min gjekk frå Bystasjonen halv 8. Eg befann meg på Paradis. Eg sleit.
Det var ikkje anna råd, eg måtte vekkja Alf Magne. Han prøvde fyrst å tenkja ut alternative planar, som at eg kunne ta bussen til Nesttun, men den vegen køyrte ikkje bussen. Til slutt kom han seg opp, kledde på seg, sette seg i bilen og køyrde meg til bystasjonen der eg fekk teke ut pengar og sett meg i Norheimsund-bussen ca. eitt minutt før han faktisk gjekk.
Så, mine damer og herrar: Alf Magne er dagens helt!
tysdag, juli 18, 2006
Dagens helt!
Lagt inn av
Hallvard
kl.
18:35
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
heisann sveisann hallvard!
så gøy at du også har blogg=)
sving gjerne innom å legg igjen noen bokstaver på min side også!
jorun
Legg inn en kommentar