fredag, november 11, 2005

Monika er tøff!

"Eg er ei lita jente, ja, som heiter Monika.
Eg er ei lita jente her på Minde.
Då eg no ikkje heime er,
ver venleg, legg beskjeden her.
Så kan eg ryngja deg tilbake sidan."


Slik lydde telefonsvararen til Monika for eit par år sidan, og som de ser, har han gjort inntrykk. Men det er ikkje den einaste songen Monika har kome på:

Ein vårdag i mi ungdomsskuletid, sat me i vetle-gangen. Det var sol ute, så Monika brette opp buksebeina og sette i gang med ein liten melodi. Teksten var ganske enkelt:
"Jaaa, jeg vil ha brune bein."

Eg kan hugsa at Monika har vore sint - èin gong=) Det var på ein hyttetur på Viveli. Men elles likar ho svært lite å diskutera og krangla, og resultatet er ein haug gode vener ho heng med på msn etter at ho flytte frå Bergen. Eg trur ikkje eg har treft ein person som ikkje likar Monika.

Så det eg vil seia, er vel stort sett: Go for it! og Be blessed!
Og forresten, korleis gjekk det på jobbintervju i dag?

1 kommentarer:

Monika sa...

å så snill du e hallvard!! detta va ein gledelig overaskelse :) ka e da da går i med alle desse talane fø tide då? øystein sa han hadde laga bryllupstale te meg og greier?! og no detta?? morro.

jo intervjuet gjekk bra. eg får svar på mandag om eg får jobben. så da kan vetta spennande. da va visst nokon interne prosessar som gjorde at han ikkje kunne svara meg her og no, uten at eg heilt skjønte ka det gjekk i. han skulle iallefall ikkje intervjua fleire. så det var meg eller ingen, forstod eg...