måndag, juli 11, 2005

sjuk i dag...og litt om den underlege turen frå bergen te førde...

etter at eg no har brukt opp mine to siste veker ferie, klart eg å pådra meg spysjuka her i natt. super, superkjipt, m tanke på at da e nydeleg sol ute!! men til alt hell har me trådlaust internett her i huset, så dao kan eg ve online sjølv om eg lyt halda senge. og så har eg to kjekke venner i nærleiken, som kom på døre te meg med chips og frukt og brus og pondus og bt og brød te meg. så da va jo veldig fint, sidan eg omtrent ikkje hadde noko i kylskranken etter ferien...

men altså: turen oppatte: tenkte eg ville reisa seint frå hytto te ingrid og dei, for å utnytta dagen maksimalt. så eg satsa på tolvferjo frå oppedal te lavik. men sjølvsagt hadde ferjefolkene klart å skriva ei fantastisk missvisande ferjeruta, så da gjekk ingen ferjer klokko tolv. jaja, tenkte eg; kan berre ta eitt-ferjo, for den skulle gå alle dagar utenom søndag, og dette var jo laurdag den dagen. så det skulle vel gå bra....men nei då- søndag begynne etter klokko tolv, så ingen ferja då heller....
så den som måtte overnatta i splitter ny rånebil, va meg. med masse kle tulla rundt meg for å halda varmen.
sov sjølvsagt kjempelite, og var både stiv og støl då morgonen kom.

korkje seksferjo eller sjuferjo gjekk, sidan det var søndag.
men klokko åtta kom endeleg ferjo. -endeleg, tenkte eg.... småbilane køyrde av, og tilslutt var det ein ekspressbuss som skulle av. men plutseleg stod den berre bom fast!
hadde hengt seg fast i lemmen!! med eine delen på ferjo og eine på land.
ein etter ein kom bort for å sjå, og hjelpa...men samme ka dei gjorde, nytta det ikkje. bussen stod framleis heilt fast. tilslutt måtte dei ringa etter heisekrane og lyfta av bussen. den måtte koma heilt frå knarvik, fordi den næraste var øydelagt. så der gjekk nye to timar. så då kom ferjefolkene rundt og sa at me kunne køyra utover fjorden og ta ei anna ferje viss me ville. men då var eg blitt så likegyldig, at eg tenkte d var lika godt å venta. pluss at ein eg kjenner litt frå før, dukka opp. så me bestemte oss for å setja oss ned i ferja og ta ein kaffi, sidan det regna sånn.

tilslutt klarte dei å få laus bussen, og me kunne køyra inn bilane og reisa frå oppedal.
tilsammen brukte eg tolv timar på turen, som vanlegvis tek tre...

og kva har eg lært av dette? jo: ha alltid pledd i bilen, i tilfelle....og les ruta skikkeleg før du køyrer.... og eg må skaffa meg kameramobil, for å foreviga slike liknande episodar, og kunna senda dei inn til aviso

6 kommentarer:

Hallvard sa...

Kva er no dette for slags tidspunkt å vera sjuk på, då...
Eg kan ikkje i mitt liv hugsa å ha vore sjuk om sommaren. Korleis kjennest det?
Kanskje moralen heller burde vera: ikkje sov i bilen - du vert sjuk! =)

Monika sa...

I know!! superrart! om sommaren liksom... men da konne vå verre. eg konne våtte sjuk to dagar tidelgare, medan er hadde ferie. da hadde vå irriterande da!

Hallvard sa...

Ikkje verst haldning. Hadde eg vore i din stad, hadde eg nok tenkt noko slikt halvsarkastisk som: "Ja, ein kan jo ikkje BERRE verta sjuk om vinteren heller. Det ville jo vera å gå for langt."
Men i grunnen er eg sjeldan sjuk; av og til skulle eg nesten ynskja eg var det... Berre halda seg i ro ein dag og lesa ei god bok og drikka champagne-brus. Slike ting er berre vage barndomsminne for meg.
Sannsynlegvis er det ikkje så kjekt å måtta finna seg brus ÅLEINE, då. Så du har mi medkjensle.

Monika sa...

jada. sånn forkjølasjuk, eller litt slitensjuk kan ein godt ve av og til. men ikkje influensa! da e heilt feil å ønska seg noko slikt. da e berre ekkelt! og champagnebrus minne meg om når eg va liten og spydde, så da drikke eg ytterst sjelden.

Øystein sa...

ÆSJÆSJÆSJÆSJÆSJAMPAGNEBRUS

Hallvard sa...

Eg nemnte det i grunnen fordi eg tenkte det var eit litt sånn heimekoseleg sjukdomsminne. Så feil kan ein ta.