Lidingsomnen
Så var nok ein påskeferie på tampen. Nok ei fritidssone går mot slutten, men eg står att med mange minne. Som i livet elles: nokre gode, nokre dårlege, og nokre litt RARE, berre.
Slik som onsdagen då eg skulle ned på handelslaget og få kjøpt råvarer, men utsette det til 4, då det hadde stengt for ein time sidan, og eg endte opp med å baka to brød med for mykje sammalen kveite i.
Eller palmesundag, då eg sat oppe til tre og las bok i det stille, fredelege halvmørket.
Eller langfredag, då eg var ein av 5 som hadde møtt opp på pasjonskveld, og vart spurt om å vera klokkar, noko som eg seinare oppdaga var grunna eit brått dødsfall.
Eller dagen i dag, då eg, i lag med store delar av familien Opedal/Lid feira Besta sin 80-årsdag. Besteforeldra mine har eg vore litt i lag med denne påska, og eg kan ikkje anna enn beundra kor oppegåande og skjerpa dei er. Ofte fylgjer dei betre med enn eg sjølv. Og dét er noko eg har tenkt over denne påska: er det slik det skal vere? Skal ein 18-åring eigentleg ha problem med å baka brød, til dømes? Når skal eg verta like god som foreldra mine i å kunna det dei kan?
Men i morgon er det tilbake til Framnes att, og eg veit ikkje kva tida fram til sommaren vil by på. Sannsynlegvis ikkje det eg hadde venta. Dette bringer meg til ein annan tanke som har oppteke meg denne påska: kanskje ein ofte gleder seg litt for lite til det som kjem? At ein burde sjå meir fram til ting, for å få meir utbytte av dei når dei dukkar opp? Ofte tek eg meg sjølv i å møta ting med ei knusande likegyldigheit, spesielt dersom eg ikkje veit kva ei ny hending går ut på. Er det dette som er å gripa dagen?
Desse tankane fekk de servert ein måndags kveld av dykkar trufaste veslebror...
måndag, mars 28, 2005
Tilbakeblikk på ein faren ferie.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
21:45
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar