I dag har vore ein god dag. Eg hadde ein vakker køyretur av fridom fram og tilbake langs austsida av fjorden eg er oppvaksen ved. Berre eg, ein svart golf med gode dekk, frost i vêret og morgontåke farga gul av sola. Langs vegen vart eg akkompagnert av Mute Math. Dette er eit svært dyktig band, heilt uvanleg til kristen musikk å vera. Men det var ikkje dei eg skulle snakka om i dag.
Eg gjekk innom musikkforretninga i Odda. De veit, den éine som finst der. På Sørfjordsenteret. Det var ein bestemt cd eg var ute etter, og fann han relativt fort. Men på høgtalaranlegget spelte dei ei stemme eg syntes eg kjente att frå ein stad.
"Er det Jan Eggum eg høyrer?" spurde eg mannen bak disken i det eg betalte.
"Å, ja. Han er god," svarte han. Han såg forøvrig ung og oppegåande ut, og eg hadde sett han der i butikken jula før, då eg handla BigBang til Monika. Det aukte vel litt av tilliten min til han, trur eg.
Eg meiner, kva veit eg eigentleg om Jan Eggum frå før? Eg kan hugsa at mamma ikkje likte "han dare dar" då eg var liten. Men det er ikkje mykje eg veit om han. Han laga På han igjen, hugsar eg, og det var då ein song eg likte. Men likevel har eg hatt ein fordom mot Jan Eggum fram til no, som eg ikkje ser årsaka til.
Mannen kunne fortelja at Eggum var ute med ny cd no. Den heitte Hjerteknuser. Og utifrå det eg har høyrt av cden så langt, er han slett ikkje dårleg.
Det er balladane eg likar best. Fint gitarspel, kanskje med litt strykarar i bakgrunnen, harmoniske melodiar som ikkje vert keisame, og realistiske, nære tekstar. Dessutan verkar det på meg som om Eggum byrjar å oppnå den alderen der erfaringa hans skaper ei ekstra slagkraft i musikken hans.
Det er då noko eige med gamle menn som framleis lagar musikk. Slik som Bjørn Eidsvåg. Mark Knopfler frå Dire Straits. Johnny Cash på siste cden sin. Odd Børretzen. Dei har noko å fara med når dei har brukt eit liv på å laga musikk, men framleis gjev ut cd-ar. Jan Eggum har då halde på ei stund, og eg ser absolutt det som eit argument for å sjå nærare på cden.
Ein av songane heitte Rør meg. Den var ganske deprimert og handla om kor alle kjensler nærmast forsvann nokre gonger, bortsett frå eit innvendig rop som sa rør meg!
Vel, songen rørte iallfall meg.
onsdag, desember 19, 2007
Har eg undervurdert Jan Eggum?
Lagt inn av
Hallvard
kl.
21:33
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar