måndag, juni 20, 2005

Morgonfilosofi.

Turistane sviktar litt i "finavêret", så det har vore heller stilt på turistinformasjonen i dag. Dermed får eg i praksis løn for å kommunisera med sysken... Artig! :)

Men til saka. Då me hadde lesedag til munnleg eksamen, hadde eg nemleg litt problem med å koma meg opp. Etter at die Eltern hadde vore her i foreldrehelga, var nemleg dataen borte frå rommet mitt, og det er den eg vanlegvis nyttar som vekkarklokke. Dette er nokså effektivt, for når ein vaknar av musikk, fær ein ikkje lyst til å slå av.

Dette er derimot tilfellet med skingrande vekkarklokke-pip, og endå meir no, når eg hadde vorte bortskjemt på musikk-vekking eit halvt år, minst. Så då vekkarklokka ryngte fem på sju, skrudde eg henne av, men la hovudet på lakenet ved sida av puta, for å gjera meg klar til å stå opp. Men så freista eg å leggja hovudet tilbake, og tenkte svært inderleg, og i fullt alvor:
Ja, men eg ER jo så mykje nærare meininga med livet med hovudet her!

...eg vakna att til lunsj, halv 12.

4 kommentarer:

Øystein sa...

Da minne litt om mitt legendariske CD-brennar-prest...

Men no har eg nåken nye.. Monika veit om dei då. Når tannpina endeleg gjekk over, og eg kunne sova meir enn 5 min i strekk for fyrste gong på fleire døger, hadde eg sagt nokre morosame ting til Ingvild.

"ein skal ha respekt for dei som har lappen!"
"Da e ei ære å få bu i sentrum"
Pluss ein del ting om ein sau og ein bjørn som visstnok hadde vore på besøk.

Monika sa...

hehe....da e så bra...

da dar med å legga hovudet på lakenet, og tru at "då e eg jo praktisk talt stått opp!!" e jo og ein fasinerande tanke!

og viss nokon ha nokon draumar dei ha lyst å dela, så e jo da og alltid kjekt! i natt drømte eg masse, men har glømt da mesta. men da va noko om torstein, og ein ring han hadde mista. pussig nok fann me den att nede hos besta og beste. og kirsten og knut var der, og mange andre slektningar...hmmm...kanskje da e ei sånn underbevisst lengting etter sommarferiane på kønigsbergis??

Hallvard sa...

Hm! Sikkert.
Eg for min del hugsar svært sjeldan draumar lenger, særleg med musikk til vekkarklokke.
Men eg kan hugsa ei anna slik ørske-oppleving: Det var på ungdomsskulen, då mamma kom inn og vekte meg om morgonane. Eg hadde vakna sånn halvvegs litt før ho kom inn denne morgonen, og var bombesikker på noko heilt absurd denne morgonen, så det fyrste eg sa, var:

"Mamma, koffø strør du sukker på senge mi?"

Monika sa...

ørskeoppleving! bra ord.
og takk for at du fortel meg ulempene med å ha musikkvekking. eg ha nemlig vurdert det- men no når du seier det, kjem eg på at slik eg det: musikkvekking hindrar ein frå å hugse draumar. så då e d jo berre å velga....think I stick with the dreams :)