Etter ei særdeles trusstyrkande og oppmuntrande tale på møte på sundag, har eg teke til med eit prosjekt. Eg les gjennom alle dei sentrale bibelversa me lærte på bibelskulen i min bibel, "Bibelen Guds Ord" (Bibelforlaget/Hermon, Nesbyen, 1997), og set dei om til min dialekt. Bibelutgåva mi meiner eg, og fleire meg med (sjå dette debattinnlegget) er den riktigaste av dei utgåvene me har på norsk. Så, kvifor gjer eg dette? For det fyrste fins ikkje denne bibelutgåva på nynorsk (så vidt eg veit). For det andre kjenner eg meg ikkje heilt heime i nynorskbibelen heller (då snakkar eg om 78-versjonen).
Når det gjeld omsetjinga av skriftstadene, tel dei så langt ca. 41, og dei bærer preg av min personlige dialekt. Eg kan aldri tru at denne er 100% identisk med NOKON annan sin dialekt, sjøl om ein nok vil komma opp på 90%+ når det gjeld mine syskjen.
Omsetjingsteknisk:
1. Eg nyttar konsekvent so i staden for som, sjølv om eg uttalar ordet "så". Dette for å ikkje forveksla med så i den andre tydinga ordet har.
2. Visse ord har eg ikkje omsett. Som rettferdighet. Andre vil kanskje vera meir vane med rettvise. Då er det berre å bruka erstattfunksjonen i Word for å få det til å passa din dialekt. Det gjeld for så vidt alle dei andre orda og, så eg gidd ikkje forklare alle dei andre orda i detalj.
Håpar andre enn meg vil få nytte av dette! Og føl deko frie te å oversetta bibelvers de og, viss de vil. Her er linken til bibelversa
måndag, februar 28, 2005
Bibelvers på Øysteinharding
Lagt inn av
Anonym
kl.
14:37
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Ikkje ille! Men eg ha mine tvil om at du bruke aoko o.l. så ofta som du påstår...
Eg fø min del syns no fortsatt da e kult med bibelvers på konservativ 78-nynorsk. Ein blir litt audmykt i møte med språket...
Ha glømt passordet!
Hallvard.
Hei, din luring. Ka med å velga eit passord som du er kjent med? Betyr detta at eg må senda deg ein ny epost?
Eg påstår ikkje at eg bruke aoko så konsekvent som eg gjer i omsetjinga. Men saken e den at eg verken kjenne meg 100% heima i verken "aoko" eller "oss". Eg kjenner meg kanskje 60% heima i aoko, og 40% i oss. Og ein av dei må ein jo velga. Eg har derfor valgt å halda på aoko. Dessuten kan jo detta medføra at eg kanskje kjem opp på 70%?
Ja, eg syns og at konservativ nynorsk e kult. Og viss denna bibelversjonen (også kalla King James) hadde funnest på nynorsk hadde jo det vore konge. Det gjer han ikkje. Og 78-omsettinga er ikkje så god som King James (bibelforlaget/hermons versjon). Det er fleire bibelvers dei rett og slett har utelatt fordi dei meiner at dei ikkje var der opprinneleg. Det kan jo ikkje dei vita sikkert, og er ikkje kvalifiserte til å bedømma. Medan King James heller merker av der det er bibelvers som ikkje fins i alle tekstfunn. Så blir det opp til den enkelte å avgjera om dette er av Gud eller ikkje. I mine meditasjonar kring dette har eg nesten alltid komt fram til at desse versa ville Gud ha med i bibelen.
Det siste eg vil sei er at sjølv om nynorsk er kult -korleis skal eg sei det- lat meg ta eit døme frå nynorsk-utgåva av 88-omsetjinga (databibelen).
Rom 8:2
"For lova åt Livsens Ande har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden."
Poenget er at det er meir naturlig fø meg å sei "loven hos livets ånd", enn "lova åt Livsens Ande". Det siste blir litt arkaisk, framandgjerande og kunstig. Flott kanskje, men upersonlig.
Så kan du kritisera meg fø å ikkje snakka brei nok dialekt. Men eg har innsett at dialekten min no når eg e 23 år gammal er stabil, og e som han e (sjølv om eg av og te svikte dialekten når eg snakke med bergensarar -jobbar med dette).
Bibelen er fundamentet i ein kristen sitt liv. I kanskje ytterligare 60 år skal denne boke vera med meg. Ka kan då ve meir naturlig, og ein smart måte å gjera bibelen te ein del av seg sjølv, (samtidig bli meir sikker på sin eigen dialekt) enn å oversetta bibelen te sin eigen dialekt?
For noko av endemålet med omsetjinga er at eg skal memorisera bibelversene på min eigen dialekt (subsequently). Så når eg trøng dei, vil det vera mine eigne ord som kjem ut, og verken arkaisk nynorsk eller framand bokmål.
Legg inn en kommentar