fredag, juni 15, 2007

What's in a name - del 2

Tilbake igjen. Først får eg sei at dette ikkje er meint som noko preik. Eg har ikkje fått noko openberring eller noko, dette byggjer berre på kva eg sjølv kan lesa i Bibelen og slutta meg til ut frå mitt ringe vit. Eg er rett og slett nyskjerrig på dette. Syns det er merkeleg. Håpar de ikkje har noko imot det.

Eit farlig navn.
Det første underlege er at det tidleg i bibelsoga vert klart at det er forbunde med fysisk fare, jamvel livsfare å ha med namnet å gjera, ytra namnet, berøra objekt som har namnet innskrive etcetera. Til dømes då Gud [eg brukar framleis den nemninga pga. vanens makt] ordnar med at ein engel skal gå framfor israelsfolket gjennom ørkenen. Det er ikkje ein heilt vanleg engel når me studerer grunnteksten, men ein engel som samtidig berer Guds namn, ’Malak YHWH’ står det på grunnteksten. Strongs forklarar Malak med at i tillegg til betydningen engel, kan også ordet bety stadfortredar (deputy). Gud sjølv åtvarar Moses mot å yppa seg mot engelen, og grunnen til det, seier Gud, er at engelen ber Guds namn, YHWH.

2M 23:20-21
Sjå, eg sender ein engel framfor deg, til å vakta deg på vegen og føra deg til den staden eg har valt ut til deg. Tak deg i vare for han og høyr på røysta hans. Set deg ikkje opp imot han! Han skal ikkje bera over med lovbrota dykkar, for namnet mitt er i han.

Dette må vel forståast slik at viss det hadde vore snakk om ein vanleg engel, slik som til dømes den Sakarja møtte hadde det ikkej vore like farlig. Ok, ok, det var svært vanskeleg å finna døme på at ordet Malak dukkar opp utan å ha namnet YHWH med seg i tittelen, så eg må konkludera at det VAR ein vanleg engel som leidde israelsfolket i ørkenen. Men fact remains: han var fårleg pga. at namnet var i han. Det er ikkje farlig å trossa engelen fordi han var ein svær og cranky type, men rett og slett pga. navnet han hadde. Underlig.

I 3. mosebok 24 kapittel blir det alvor. Her får me høyra om kva som skjedde med den fyrste personen som misbrukte namnet. Det som skjer er at ein mann havnar i slosskamp med ein annan israelitt og etterpå forbannar Herrens navn. Hadde han vore klar over kor alvorlig ein forbrytelse dette var, hadde han nok tenkt seg om to gonger. Gud hadde ikkje openbart kva straffeutmålinga skulle vera for nokon som gjorde dette. Men det blei tydelig for denne personen som ikkje eingong vert namngive, anna enn sonen til Sjelomit. Han vart idømt lovens strengaste straff, dødsstraff ved steining.

Har de forresten nokon gong hørt ein eller annen kristen fyr, feks. på Levende Ord eller på ein kristen leir, komma med ein profeti som ikkje har gått i oppfylling? Det har eg. For eksempel på diverse nyttårskonferansar blei det sagt at vekkelsen skulle komma i året som låg foran. Eller Ingvar Torvik som profeterte på ein geiloleir på 80-tallet at Jesus skulle koma tilbake før år 2000. Berre for å nevna noko. Dette haddee dei ikkje turt å gjera i gamaltestamentleg tid. Sjå i 5. mosebok kapittel 18 og vers 20-22:

”Men den profet som egenrådig taler ord i MITT NAVN [mi utheving], som Jeg ikke har befalt ham å tale, eller som taler i andre guders navn, den profeten skal dø. Hvis du sier i ditt hjerte: ”Hvordan skal vi kjenne hvilket ord det ikke er Herren som har talt?” Hvis en profet taler i Herrens navn og dette ordet ikke skjer eller inntreffer, da er det ikke et ord som Herren har talt. Egenrådig har profeten selv talt det.” (gjer berre merksam på at kvar gong det her står Herren er det YHWH det dreier seg om)

Nok ein gong er det forbunde med dødsstraff hvis ein nyttar Guds navn når det ikkje skulle ha vore brukt.

Neste døme har eg allereie nevnt, historia om Ussa. Også den lite sundagsskulevenleg. No kan det vera fleire grunnar til at Gud vart sint på Ussa då han rørte ved paktsarka, men i vår kontekst kan det i alle fall vera interessant å merka seg at det i 2. sam 6,2 vert sagt at arken vart kalla med namnet åt YHWH, rett før Ussa gjorde Herren denne bjørnetenesta. (Akkurat kva det betyr at arken var kalla med namnet åt YHWH kan jo bety fleire ting, særleg etter at det er omsett til norsk. Eg trur ikkje det betyr at namnet var innskrive i arken, då ville det nok ha vore skildra i den moseboka der Gud gav instruksjonane til korleis ho skulle blitt laga.) At Ussa måtte lida døden kan jo også forklarast med arkens generelle heilagheit, sjølvsagt. Men litt interessant at igjen er Guds namn med i biletet.

Tilbake til mosebøkene, som konklusjon på lovene israelsfolket får, gir Gud ei rekke velsignelsar og forbannelser alt etter om dei fylgjer lovane eller ikkje. Men ein like vesentlig del som å fylgja alle lovane er det å frykta namnet. Slik står det i 5. mosebok kapittel 28, 58: ”Hvis du ikke tar deg i vare så du holder alle de ordene i denne loven som er skrevet i denne boken, så du frykter dette herlige og fryktinngytende navnet: Jahve, din elohim [oversatt som vanleg med Herren, din gud], skal Jahve føre forunderlige plager over deg [...].

Så det er absolutt forståeleg at seinare jødiske teologar forbudte bruken av namnet fullstendig. Det kan jo henda dei tross alt sparte eit òg anna jødisk liv på den måten. (Kanskje ikkje dei mest verdige liva, då men, eg kan til dømes tenkja meg at Barabbas var ein mann som sikkert ikkje ville ha betenkt seg for å spotta Guds namn hadde han kjent til det.) Eg har ofte lurt på kva Gudsfrykt eigentleg er for noko rart, men i ljos av det eg her har funne, kan det jo vera snakk om heilt vanleg, normal frykt for ein reell livsfare.

Men.
Men. Når navnet er brukt på rett måte, dei som har navnet nevnt over seg har også mange fordelar av det. Første eksempel er den aronittiske velsigninga, den som prestane i den norske kyrkja avsluttar alle høgmesser med, som også ofte vart nytta som avslutning på møta i Levende Ord, dreier seg i hovudsak om å leggja namnet YHWH på folk. Akkurat kva det skal bety å leggja eit navn på nokon, er litt uklart for meg. Ei like god omsetjing er å ’påkalla navnet over’ folka. Det må sikkert dreia seg om ein åndelig dimensjon der det blir klart kven ein tilhøyrer. Men uansett, når velsigninga vert sagt over menigheten, er det på hebraisk namnet Jahve som vert nevnt. ”Jahve signa deg og vara deg. Jahve la sitt andlet lysa over deg og vera deg nådig. Javha lyfte sitt åsyn på deg og gjeva deg fred. Slik skal dei leggja mitt namn på Isaels barn, og eg skal velsigna dei.”

Øy, det tek til å bli seint. Klokka er halv 2 her. De kan jo like mange bibelvers som meg, ja, sikkert fleire, der Guds namn vert forbunde med velsigningar og gode ting. Salmane er jo fulle av det. Det har eg tenkt på ein del gonger når det gjeld lovsongane me syng i ymse (fortrinnsvis) karismatiske samanhangar, tek tekstane stundom i bruk denne navne-tematikken, utan at me heilt skjønar kva som ligg i det. I alle fall gjer ikkje eg det. Mange refreng dukkar opp i hovudet mitt som døme. Både du Monika, tidlegare overhead-master, og Hallvard kan sikkert mange fleire enn eg. De hugsar vel den ”Ditt navn er over alle andre navn, min hyllingssang skal gå til ham, jeg tjener ingen andre Guder, jeg bøyde mitt hjerte...”, det er nok direkte sitat frå Salmenes bok, tenkjer eg. Då David skreiv det, tenkte han på navnet Jahve. I dei fleste moderne lovsongane er det jo Jesus som (med rette) er det store namnet det vert sunge om (kjem på nokre få unntak). Men måten å synga på er henta frå gamle testamentet, og det handla då om Guds namn. Det er i det heile svært mange songar som nevner dette med navn, framhever det viktige ved namnet. Song etter song, bruddstykke av tekstar og melodiar flimrar gjennom hjernen: ”Herre ditt navn, hvor herlig det er”, ’Navnet Jesus’, ’Namnet Jesus’ (den svenske versjonen), ”Ditt navn er opphøyet! Over alle andre navn”, ”Navnet ooover alle navn, navnet ooover alle navn”. ”Jesus, Jesus, Jesus, det er noe ved ditt navn”. Og så vidare. Dette har eg aldri tenkt over før, men kvifor er dette med navn så viktig? Eg har liksom berre sunge med, og tenkt det som ein naturleg del av lovsongen, og det er det sikkert òg, men eg har aldri før no, tenkt grundig igjennom kvifor det er slik. Song etter song vert laga om det. Det må vel, som eg tidlegare har vore inne på, vera at det å ytra namnet har ein spesiell effekt i ein åndeleg dimensjon?

Nei, no må eg leggja meg. Framhald fylgjer. Eg har tydeligvis mykje på hjarta. Når eg kjem til nytestamentet vert det endå meir interessant, syns eg. Feks. i Johannes Openberring står det at Jesus skal få eit nytt namn når den nye jord vert skapt. Og me skal få ein kul tattovering i panna, gjett kva som skal stå på den?

2 kommentarer:

Hallvard sa...

Hm! Dersom ein tolkar ditt namn som Varslingsstein, og mitt namn som Vaktstein, kan det vera folk har tenkt på ein varde i begge namnetilfella! Eg har iallfall tenkt på det som ei fin tolking av mitt eige namn. Eit landemerke til å brenna eld på for å visa veg for vandrarar, så dei kan koma så langt som, og helst lengre enn eg har gjort.
For dersom Bibelen legg stor vekt på namn, er det nokon grunn til at våre eigne namn skulle vera unnatekne?

Det er interessant, dette med namn. Me treng dei jo strengt teke ikkje, me kunne jo berre ha snakka om kvarandre etter kva det var lett å kjenna folk att etter, og endra dei ettersom folk endra karakteristikkane sine. Per idag kunne eg ha vore "Nordfarar," du "Avisskrivar", Alf Magne "Fyrstefødd" og Monika "Solstråle". Eller noko slikt. Alle søner av "Språklærar." Men slik er det ikkje. Dei fleste av oss har eitt namn som sit fast ved oss resten av livet. Er det tiltenkt frå Gud? Kanskje. Ikkje veit eg.

Og du er nok ikkje den einaste som har høyrt profetiar som ikkje har gått i oppfylling! Heile historia med at eg hamna på Nordtun har omtrent å gjera med ein profeti (trudde eg, iallfall) som ikkje gjekk i oppfylling. Og kyrkjehistoria er jo full av folk som var sikre på at I ÅR kjem Jesus att! Så om Torstein Langesæter sine utrekningar om 2028 skulle visa seg å vera feil, misser eg ikkje trua for det=)

Ja, det er noko eige ved Guds namn. Og så har han mange namn, og kvar av dei representerer ein eigen karakteristikk ved han. Og ein annan namnesong er jo Allmektig Gud. "Hellig er ditt navn, El Shadai!"

Eg har nok ingen klåre meiningar eller argument om emnet. Men eg tykkjer det er interessant. Så køyr på!
Ja, forresten. Gudsfrykt har me ha litt undervisning om i år, og læraren Kelsey Steiner meinte at Gudsfrykt vil variera frå kva slags posisjon ein har i forhold til Gud. Sjølvsagt, viss er utanfor pakta med Gud, er ein livredd for Gud. Men no, etter Jesus, har me berre ei enorm respekt for han. Han viste til at Johannes i Openberringa har omtrent same reaksjon som profeten Daniel når han treffer Gud - han dett med ansiktet rett ned i bakken, og maktar ikkje å reisa seg. Det seier litt om kor heilag Gud er, når me fyrst ser han klårt.

Monika sa...

eg må sei desse brørne mine undrar meg....alle desse orda og funderingane dei har i hovene sine. fasinerande!!

monika betyr "edel", såvidt eg veit...hm