måndag, desember 10, 2007

Lufthus, versjon 4!

Lufthus i ny versjon. Viss de er misnøgd med noko når det gjeld korleis bloggen ser ut så lat meg få vita det. Dette er berre midlertidig til alle bloggens medlemmer seier seg nøgde. Etter ein gjennomgang av gamle innlegg er no alt klart og eg har faktisk allereie gjort bloggen fritt tilgjengeleg for alle. Men eg har ikkje varsla om at han er offentleggjort enno. Elles tenkjer me på vår eminente bror og medlem Hallvard som er i Russland for å spreia positive vibbar og godt nytt.

7 kommentarer:

Monika sa...

morsomt med humorbildet av oss!! ellers syns eg kanskje layouten var ein liten smule rotete? har du andre forslag? artig med kommentarar på sio forresten..

Øystein sa...

Ja, eg er einig. Det er noko rot med blogger, slik at eg ikkje får forandra på fyrsteutkastet! Får håpa dei greier å fiksa det. Eg trur eg skal gjera bildet litt ljosare. Og kanskje gjera bloggen breiare att. Det vart vel tynt dette? Kva tid kjem Hallvard heim, forresten?

Monika sa...

e kje sikker kortid han e på nordtun att. men veit han kjem til lofthus på mandag 17.

breiare og ljosare vette sikkert bra!

Hallvard sa...

Eg er attende!
Eller, det vil seia, eg er i Noreg att. Nærare bestemt UiO Borgen, der det finst internett. Idag har me køyrt gjennom Finnmark og Finland for å koma hit, i morgon slappar me av her og evaluerer, og fredag reiser eg til Nordtun att. Og kjem til Lofthus den 17., ja.

Kul layout!
Og eg skal leggja inn dei gamle innlegga frå tekst og melodi snart.

Monika sa...

velkomen H!

sei meg..var det framleis ugly farga sprakande julepynt som var hotast i finland? ;)

Monika sa...

gamle innlegg? vil da sei...sånn hypotetisk sett, at viss eg hadde hatt allmenninteressante innlegg på sio-mi, så konne eg lagt dei ut på lufthus?

Hallvard sa...

Se så! Då var sommarens og haustens nett-sysling på plass.

Eg òg har merka rotet med blogger, Øystein. Medan eg la ut nye innlegg var det av og til eg fekk kreative, nye feilmeldingar. Viss det blir fiksa att, hadde det vore kult om me kunne brukt den venstre kolonna til noko?

Og Monika: ja, det vil det seia! Viss du har innlegg frå Sio di du vil publisera her, kan du kopiera teksten og lima inn i boksen for Nytt innlegg inne på blogger.com.

Viss du vil behalda den opphavlege datoen for innlegget, kan du fiksa det ved å trykkja på alternativer for innlegg med blå skrift nedst på sida. Då kjem det opp to boksar med dagens dato og klokkeslett, som du kan endra.