Som de sikkert skjønar, er eg no komen attende frå Tyskland i eitt stykke. Alt vel med mor og born. Beklagar at det ikkje vart nokon mailar frå meg, men eg fann ingen datamaskiner med nettilgang...
Nuvel. Men ein dag over kveldsmatsbordet i Tyskland, dreia samtalen inn på orsakingar og etiske dilemma. Og eg ville bidra ved å spørja dei som høyrte på:
- Meiner de at ein kan forventa ei tilgjeving når ein ber om ei?
Dermed var nyfikna vekt, og eg kom til å fortelja heile historia. Kva som hadde skjedd nett i situasjonen, at Monika forlèt oss og at me rasa i veg, og at mi bøn om unnskulding knapt verka ekte i det heile. For ikkje å gløyma mailen om orsaking frå Øystein rett ut av det blå.
Eg hadde i grunnen berre sagt det som det var, og avslutta med korleis denne orsakingsmailen skapte dialog og forsoning mellom oss brørne. Då tok Sindre, ein av staben, ordet og sa:
- Det var ei god historie!
Og det måtte eg innsjå at det var, når eg tenkte meg om. Me har skapt noko minneverdig!
måndag, februar 06, 2006
Ei god historie!
Lagt inn av
Hallvard
kl.
15:52
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar