I dag, måndag 27. november, ca. kl 10.30 sette eg meg i Forden og køyrte eg av gårde til Levende Ord. Eg skulle henta utmeldingspapir. Vel framme på parkeringsplassen kom det ein Mitsubishi køyrande med ein viss storebror i. Han hadde vore på andregongsintervju i eit revisorfirma. Og kva gjorde eg ute og køyrde? Eg skal henta utmeldingspapir, sa eg. Å, du er komen så langt i prosessen, sa AM og parkerte bilen. Han hadde sjølv vore inne på tanken, sa han. Ja, ein kjenner seg litt lurt, sa eg. Og at eg ikkje lenger trur på at det er ein spesiell beskyttelse i å vera med i ein menighet. Den beskyttelsen er det berre Gud som kan gi. Det siste sa eg ikkje. Me gjekk opp i andre etasje saman, og AM viste meg kor utmeldingspapira låg. Viss han fekk jobben i revisorfirmaet skulle han mest truleg flytta til Oslo for eit par år. Eg tok 3 papir, og sa "No er ein epoke over".
måndag, november 27, 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar