Dette innlegget går vel nokså greitt inn i diskusjonen me hadde om korleis veret påverkar humøret vårt, frå Familiekompaniet eit par år tilbake.
Eg taklar nemleg årstidene i Nordland ganske dårleg.
No i januar-februar hadde eg på ein måte vant meg til mørketida. Me har jo ein litt mildare versjon av mørketid på Vestlandet og, men det vert noko litt anna når ein berre har 4 timar dagsljos. Den konsekvensen av det som ein merkar best, er at det er lite ein generelt kan gjera. Ein sit inne og ser film, drikk kaffi, les bøker og så vidare. Men du hendelse, så lei ein blir av innelivet etter kvart. Trening og slikt blir det mindre av, og det er nok ein av grunnane til at mange blir deprimerte i mørketida.
Men, som sagt, hadde eg på ein måte vent meg til det no i vinter.
Det var då det tok til å bli ljosare. No er det søren meg lyst ute frå 5-tida til 8 om kvelden, og når det attpåtil er sol frå morgon til kveld, får eg ein bråte med energi som eg ikkje veit kva eg skal gjera med. (Eg kjenner at med min til tider rolege personlegdom, kjennest det til og med litt uvant å skriva om dette. Eg skal jo takla alt med knusande ro, eg.)
Eg diskuterte dette med ei stabsjente frå Narvik. Ho hadde budd i Trøndelag eitt år, og syntes det berre vart stusselege årstider der nede. Skulle det vera haust, skulle det då bli det skikkeleg, liksom. Ikkje berre ei samanhengande mølje, men skikkeleg vår, skikkeleg sommar, skikkeleg haust og vinter.
Tja. Det blir så ekstremt for meg. Viss Bjørnson hadde rett i at folk blir forma av naturen rundt seg, vart nok ikkje renessanse-ideala om balanse og sjølvtøyming særleg folkelege ideal her oppe. Nordlands trompet vart skriven i barokken.
onsdag, mars 28, 2007
Årstider i Nordland
Lagt inn av
Hallvard
kl.
20:28
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Eg er litt nyskjerrig på om du tykkjer dette innlegget er like relevant no (14. april), eller om det var ei kort fase? For future reference.
Hmm. Vanskeleg å seia, i og med at eg har vore sørpå så lenge. Sømna ligg jo og godt under polarsirkelen.
Men eg trur det framleis er relevant. Er iallfall framleis open for diskusjon, viss det er det du spør om.
Legg inn en kommentar