laurdag, juli 23, 2005

Humor hjå Besta og Beste.

Besta og Beste kan koma med ganske mange treffande kommentarar innimellom! Når eg no har ete middag hjå dei nokre dagar, har eg plukka opp nokre gullkorn som eg no deler med lesarane av Lufthus.

Nærmast alle dagane eg har vore der, har desserten vore jordbær. Det gjer meg absolutt inkjes, dette er jo luksus, men vertane har det litt moro med det. Ein dag kom Beste inn på kjøkenet medan eg åt, og kommenterte ironisk:
Åja, d'e jordbér te dessért i dag!
Besta uttrykte omtrent det same då ho sa:
Ja, da e variert dessért her...

I går skjedde det òg noko anna festleg. Det byrja eit program på Nrk om skilnaden på menneske og sjimpansar, og eg høyrte ifrå kjøkenet at Beste sa til Besta:
No kjemå da eit sånt eventyr om at me ha vå apar før!
Men dei sette seg ned for å sjå på dette, og hadde det ganske morosamt med programmet utetter. På eit tidspunkt sa programleiaren, medan ein såg på ein 3D-animasjon av eit menneske:
Mennesket - den hårløse ape.
Beste sin kommentar, medan han lo godt:
"Den hårløse ape!" Da e aoko!

3 kommentarer:

Hallvard sa...

Okay. Fekk du med deg kva slags dialekt ho snakka?
"Hilsen nysgjerrig."

Hallvard sa...

Okay, no trur eg eg veit kven jenta var. Eg ville ha lasta opp eit bilete, hadde berre ftp-programmet verka...

Monika sa...

og me nermar oss ei løysing... fortsettelse følger!