I går skjedde det noko merkeleg. Like etter endt arbeidstid kom eit heilt uventa kraftig nedgang på kjensleskalaen min. Han tok til å spela på sine mørkaste og djupaste strengar. Eg satt nede i kjellaren og vaska skitne poteter i kaldt vatn. For å seia det mindre poetisk; eg kjente meg heilt rævva. Eg var deprimert heile ettermiddagen fram til eg klokka 23 om kvelden fekk ein spesiell telefon.
Det var Ingvild. Ho plar ikkje ringa så seint utan grunn. Svigerforeldrene mine og Ketil hadde i går ettermiddag vore utsatt for ei bilulukke, som førte til at bilen vart totalvrak. Dei fekk ingen fysiske skader, sjølv om dei hadde tilbrakt natta på eit sjukehus. Dei hadde havna utanfor vegen og ned i ei grøft og bilen hadde vorte liggande på taket.
Etter at eg hadde fått tid til å bearbeida tankane mine litt, begynte eg å lura på om min midlertidige depresjon i går ettermiddag kunne ha noko med ulukka å gjera. Ein mogelegheit eg vurderte var om det kunne vera det som av enkelte kristne vert kalla ei "bønebyrde". Det går ut på at Gud vil at ein skal be for noko spesielt i ei avgrensa tidsperiode. Kan det ha vore noko slikt, utan at eg skjøna at det var det? Depresjonen gjekk straks over etter at eg fekk telefonen, og eg har ikkje merka noko til det sidan. Det eg gjorde for å prøva å bøta på min depresjon var å kjøpa eit nytestamente og be litt ekstra, men ikkje spesielt for mine svigers. Kva trur de?
onsdag, august 02, 2006
Noko merkeleg
Lagt inn av
Øystein
kl.
17:16
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg trur forresten me må ta ein utførleg re-introduksjon av kjensleskalaen her på Lufthuset. Du, Hallvard, kom så vidt eg hugsar med ei fruktbar vidareføring av min opprinnelege kjensleskala, slik at han vart meir eit kjensle-koordinatsystem.
hmm...snodige greier. kan godt henda du kjende på ein uro og tolka den til å vera depresjon. eg trur kjensler kan blanda seg inn i dei andelege sansane til tider. det har eg opplevd...
På Pioner for to år sidan, vakna eg ein morgon og kjende meg så utilpass på ein måte- eg tolka det til å vera einsemd og frustrasjon. seinare på dagen viste det seg at Gud hadde noko spes han ville formidla ang framtida mi...
kan kanskje vera noko liknande opplevinga di. at me ikkje heilt er på nett m....
men kven veit? kanskje du på ein finurleg måte ba for svigersane dine uten at du visste det sjølv? ikkje godt å veta... trur ikkje du bør ta det tungt iallefall. berre ver glad for at det fins ei røynd me ikkje veit så mykje om :)
Det stemmer at eg laga eit slikt, men eg trur ikkje eg har det lenger. Ut ifrå minnet stod x-aksen for grad av ro eller opprømtheit, og y-aksen for gode eller vonde kjensler.
Slik vart dei fire ytterpunkta ekstatisk glede, sommarferie-kjensle, djup depresjon og energisk sinne.
Legg inn en kommentar