fredag, juli 22, 2005

Pastorale

Me har forlatt den kokande støvpanna og reist til ein luftig (det ultimate honnørordet her på bloggen), kjølig og rolig stad. Eg sit i ei gamal trestove som er omgitt av gullblad og høg himmel. Sola strekk seg så lang ho er før ho forsvinn, jorda snur seg på sida og sovnar. Eg skal aldri meir på jobb, i alle fall ikkje på mange dagar, og eg er fredfull.

Frisbeen flyg om kapp med myggen, miniatyrvampyren som alltid får siste ord. Eg ser opp. Sju svarte fuglar flyg trugande over himmelen. Det er eit dårleg teikn, seier eg. Ketil meiner det er meldt torevér. Eg tenkjer at dei negativt ladde skyene godt kan halda fred med dei positive på ei stund.

Eg støyrer hovudet ned i puta og sovnar til den overveldande lyden av ingenting.

2 kommentarer:

Hallvard sa...

Vakkert, vakkert.
Men du har enno ikkje fortalt kva for ei jente det var som kjende deg att på Framnes.

Monika sa...

ei nydeleg skildring...og alt den minste tenkjer på er jenter...