torsdag, juni 23, 2005

nyting vs keisemd...

eg har tenkt på overgangen mellom "alt er nytt og kjekt" til kvardagslege handlingar. no etter at eg flytta feks. i byrjinga var det kjekt m ny leilighet, nye møblar, kjekt å ha bil, kjekt å bli kjent med nye, kjekt å bli kjent i ein ny stad, kjekt m alt eg sleppe som eg måtte i bergen, osv. men så brått kjem det ein overgang der du innser at du er komen inn i ein rutine, og at det nye faktisk er vorten litt keisamt....kortid skjer dette? det undrar meg.... at dei same tinga som før gav meg stor glede, no er vorten "sånn me alltid har gjort det..."

øyeblikk av lys. ein tittel eg såg lysa mot meg frå ei bok i eit utstillingsvindauge på karl johan. det var vår 2002, og eg hadde lagt nokre kjipe månader bak meg. og det fekk meg til å undra: klarar eg å gripa desse øyeblikka av lys? oppdagar eg dei? og kva er det som gjer at eg avogtil oppdagar dei, men ofte ikkje? kan eg bli flinkare til å stoppa opp i kvardagen, og gjennom det keisame, sjå det vakre?? :)

2 kommentarer:

Hallvard sa...

Eg hugsar at du har nemnt dette.
Men slik er det jo berre - gjer ein noko nok gonger, er det brått ikkje så spanande lenger. Det er vel litt det same som med Coldplay-songen eg snakka om, eg VEIT eg aldri vil få same opplevinga av han som eg hadde den kvelden. Det gjorde opplevinga stor.
Klarar ein å alltid sjå på kvardagen med fornya auge, då er ein god! Eg vil ta deg i handa dersom du får til dette,

Monika sa...

nei...eg trur ikkje eg klarar dette sånn på jevnen. men eg vil strekkja meg etter å gjera det meir iallefall.

og så er det det der med å få auga på lyspunkta i løpet av dagen. for dei skjer heile tida, men ikkje alltid ein ser dei. viss eg feks e sliten og lei, så spelar det lita rolle om da e sol og fine blomar rundt meg. eg ser det berre ikkje. alt e berre litt grått på ein måte... det er jo fult forståeleg, men underleg likavel.