fredag, september 16, 2005

Ein sjuk, sjuk draum.

I natt gløymde eg å setja på vekkarklokka, og endte opp med å sova til... (okay, då, sidan foreldra ikkje har adgang til denne) omtrent kvart på to. Ikkje spør.
Men uansett, i denne lange soveperioden, hadde eg ei rekke pussige draumar. Som vanleg har eg gløymt dei fleste, men éin beit seg fast som ei krabbeklo.

Eg trur eg befann meg i Bergen, eller iallfall der ekteparet budde for augneblinken. Og tydelegvis visste alle unntatt meg at dei no hadde fått sin unge nummer to. Og han heitte slett ikkje Håkon, men Arvald. No er eg ikkje sikker på om eg drøymer i fargar eller ikkje, men eg tykte huda hans var heilt grøn. Berre to dagar gammal preika han i veg på arrogant bergensk, og når me kommenterte det, berre ironiserte han over det og snakka ENDÅ meir bergensk. Han var heilt ustyrleg.

Andre draumar enn denne hugsar eg ingenting av.

4 kommentarer:

Monika sa...

hoho! ler meg i hel- da dar va jo fantastisk- la oss håpa me aldri får ein arrogant grønn bergensar i slekte. såfall blir da vanskelig å ikkje sammenlikna den aldeles addorable storasystere og han....

Øystein sa...

Hehehehehe! Arvald!

Eg tolkar namnet som ei forvansking av ditt eige (Alvard kan konstruerast ut av bokstavane). Då har me ein typisk dobbeltgjengar-tematikk. Kanskje ei skjult frykt for å verta bergenifisert? Samt eit åpenlyst hat mot ironi (som eg til ein viss grad deler).

Hallvard sa...

Hehe!

Hmm - i mitt hovud har eg meir ei åpenlys frykt for å verta bergenifisert, og eit hat mot ironi som, dersom det eksisterer, eg ikkje veit om. Kva ligg det i hatet ditt mot ironi?

Monika sa...

hat mot ironi faktisk? ka meine du m detta? e ironi så ille? og korleis kunne du lesa da ut av draumen, den sjuke, sjuke?