....eg drømte IKKJE at det var fred på jord, osv, men at SAM var halvbroren min.
ja sam. sam theodor sekse.
det heile begynte då pappa ein dag tok meg til side, og sa at det var på tide at eg fekk møta søstera mi. hmmmm tenkte eg. eg har vel inga søster? men jau då, det hadde eg. og det var endå til ein liten gut der, men det kom ikkje klart fram om denne vesle var enno ein bror, eller evt sonen til denne "søstera" mi. uansett. denne jenta viste seg nemleg å vera søstera til den gode sam theodor. så då var me altså søsken heile gjengen. merkeleg tenkte eg. etterkvart kom det fram at også alf magne kom frå dette "kullet". aha! tenkte eg då, og skjøna brått kvifor eg og alf magne har lik nos, i motsetnad til hallvard og øystein. brikkene fall på plass, kandusi. no har eg ikkje studert nosa til sam theodor noko nevneverdig, men denne logikken gjorde heller ikkje draumen noko stort poeng utav.
mamma og pappa må på ein eller annan måte ha adoptert alf magne og meg på eit tidleg stadie- for eg forstod at dette hadde vore ein djupt bevart løyndom, heilt til no. sam og denne jenta må ha hatt samme far som eg og aml, og ei anna mor, vil eg tru. men mamma var more til meg og aml også i draumen, så om ho hadde vore gift før ho traff pappa, eller kva eg skulle tru, det fann eg aldri ut av. men eg hugsar eg sat att med ei snurt kjensle, då det gjekk opp for meg at "dei austanfø" ikkje var slektningane mine lenger.... det var det eg var mest skuffa over.
sånn kan det gå----
onsdag, september 07, 2005
i natt eg drømte noko som eg aldri før har drømt....
Lagt inn av
Monika
kl.
23:11
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
nå merka jeg hvor intern denne bloggen virkelig er, hahaha. jeg skjønner INGENTING jeg.
well---ja da kan du ha rett i. denne siste var iallefall litt uttanfor allmenn rekkevidde.
sam er forøvrig ein kamerat av hallvard, som har vore med oss på familiehytteferie til viveli, på hardangervidda. så veit du da.
Legg inn en kommentar