onsdag, september 14, 2005

Ei opplyft grein

Eg kjenner meg ofte som ein rykande veike, meir enn eit brennande ljos. Difor har det stundom vore vanskeleg å lesa Johannes 15, 1-2, der det står at Gud tar bort dei greinene som ikkje berer frukt. Men i Matteus 12,20 siterer då Jesus Jesaja slik:

"Det brotne røyret skal han ikkje knusa, og den rykande veiken skal han ikkje sløkkja."

Motseier då Jesus seg sjølv?

Det greske ordet som er oversett med "tar bort" er på grunnteksten "airo". Det kan óg tyda "lyfta. I gamal tid var det i druedyrkinga vanleg å bitte opp greinene på druebuskane. Greinene bar då meir frukt.

Her kan den fulle artikkelen om dette lesast, les frå "I Joh 15:1-2".

3 kommentarer:

Hallvard sa...

Stilig!
At omsetjing kan ha slike fylgjer.
No var ikkje dette eit bibelavsnitt eg var særleg bevandra i frå før, då. Men likevel - stilig!

Monika sa...

hm! høgst interessant.... kva kan ein sei. verset vart brått så fint!

Monika sa...

dette kan eg sjølvsagt snakka om på husfellesskapet i kveld!! takk og takk. fantastisk..