torsdag, juli 28, 2005

Tankar før ein sykkeltur.

I kveld skal det altså skje. Frå og med halv tolv i natt og nokre dagar framover byrjar "life on the road;" sommarens store sykkelprosjekt.

Me har lege i hardkjør no siste veka, sykla fleire gonger til Kinsarvik og ymse andre plasser for å halda formen oppe. Utstyret skal no vera på plass - eg har fått lånt sykkelvesker av eldstebroren, pappa fòr til Odda og tok ein full overgang av sykkelen min i byte mot at eg hadde fylt bensin, Olav Andreas har fått låna den lettare sykkelen til Torstein, og i går sette me oss ned for å planlegga pakking og innkjøp.
Bussen måtte me bestilla i går, det er ein ekstrabuss som skal korrespondera med nattversjonen av Haukeliekspressen.

I kveld etter jobb vert det altså tre timars intensiv pakking før me er heilt klare og set i gang. Meg vil bloggen sannsynlegvis ikkje høyra frå på ei stund, så har de nokre avskjedsord, kan de skriva dei her... =)

4 kommentarer:

Monika sa...

god tur, min venn og bror.

hadde forøvrig venta meg noko meir filosofisk noke, pga overskrifta. men det kjem vel. må kosa dykk.

eg reiser forøvrig på leir på framnes i dag, m pionerkirken. så eg vette vel ikkje så aktiv ei stund framøve, eg helle.

men see you!

Hallvard sa...

Right. Sidan Øystein sikkert ikkje syns det er så fantastisk å senda meldingar til seg sjølv, markerer vel dette kanskje ein liten pause på Lufthus.
Forresten, du veit meg: likar å leika litt meir filosofisk enn eg er. :) Ha da kjekt på Framnes!

Hemoxp sa...

Ehh... god tur?
Dvs. kor går turen?


--

Med helsing frå Hemo i Odda
Blogg: http://hemoxp.blogs.no
Fellesblogg: http://ofring.blogs.no

Sitat:
«ingen skikkelige oddinger kommer til himmelen»
- Lars Ove Seljestad, 14. juli 2005

Hallvard sa...

Hmm... Eg skreiv ikkje det, nei. Eg og ein kamerat skal sykla til Kristiansand.

Den godeste Lars Ove har ein litt underleg definisjon av ein ekte Odding, men, men.