I går kveld fekk eg altså fullt referat frå opplevingane i Europas kulturhovudstad. De har mykje å gle dykk til... :P
Eg måtte jo fortelja litt om mine heimeopplevingar sjølv òg, og eg må seia mamma imponerte då eg fortalde at Alsåker-turen forårsaka lite søvn og ein trøytt dag dagen etterpå. Ho sa:
"Men da va verdt da!"
Og eg kunne ikkje seia meg meir einig.
I går var det VM i bakaromn på jobb, og det ser ikkje ut til å verta stort svalare i dag heller. Jammen godt det skal verta regn og fjorten grader i morgon, når eg har fri...Not.
Sist fridag var det òg regn. Så med dette tempoet kjem vel den solbrende venstre innerleggen min til å vera det einaste merket eg har fengje av sola når Korsommarskulen endeleg kjem.
I dag tidleg har pappa forøvrig redigert film for fulle mugger.
tysdag, juli 12, 2005
Romafararane er attende..
Lagt inn av
Hallvard
kl.
11:36
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
fulle mugger e forøvrig eit interessant uttrykk. lurar på kor det har sitt opphav?
fekk no litt rapport i telefonen m mamma i går. så eg er no ikkje heilt uvitande om kva dei her opplevd... i tillegg kjeme dei oppøve om eit par dagar, i bubilen, så då vette da vel endå meir...
Legg inn en kommentar