tysdag, juli 26, 2005

medan me er inne på salmeskattfronten....

Med Jesus vil eg fara på livsens ferd i lag.
Gud, lat den samferd vara alt til min døyand dag.
Det er mi høgste æra, det er mi største ros
hans fylgjessvein å vera, og vandra i hans ljos.

Min Jesus, sannings sjterna, lys opp min mørke veg!
Mitt hjarta vil så gjerna få fylgja etter deg.
Du lyser enn i verdi, som før frå Betlehem.
Ver du mitt ljos på ferdi, til heim med deg eg kjem!

Min Jesus, gjævast givnad, min egnalut og skatt!
I all min gang og livnad meg støtt for augo statt!
som vesle blomen trugen ser opp mot sol og dag,
til deg så vender hugen, til deg, kvart andedrag.

Min Jesus, Sarons lilja, bløm fagert opp i meg!
Lat ingenting meg skilja og riva bort frå deg!
Du vintre i Guds hage, min kjære Herre Krist,
unn også meg den lage å veksa som din kvist!

Du til di grein meg sette alt i min fyrste vår,
med livsens dogg meg vætte, gav sol og signa år.
Du vil og vokster gjeva alt til min siste slutt:
Lat meg i deg få leva, i deg få anda ut!

Elias Blix 1875

8 kommentarer:

Hallvard sa...

Du likar desse frontane... =)
Dette er òg eit funn av ein salme. Eg forbindar han med ein gong eg og Olav Andreas var på korseminar i kyrkja heime, og øvde inn denne her med meg som einaste bass, han som einaste tenor, og ein 7-8 jenter med. Me hadde ein liten variasjon på kvart vers, av og til song me fleirstemt, av og til nesten med spøkelsesaktige klangar. På sundagen framførte me han i kyrkja, blant anna med Alf Magne som tilskodar - dette er ein av yndlingssalmane hans. Mange positive kommentarar etterpå.

Øystein sa...

Ein fin salme, berre så synd Jakob øydela han for all framtid for meg i 2. klasse når me song han med Livåruss. Det er fysisk umogeleg for meg å synga (eller lesa) songen, uten å tenkja "å vandra i ansjos", som var Jakobs eminente tolking.

Øystein sa...

Eg set forresten på alvor pris på at du tok med årstalet. No tenkte eg å inkludera "på alvor" for å indikera at eg ikkje meinte det ironisk, men skjønte, for seint, at det òg tolkast som forsterka ironi, og såg meg nøydt til å ta med dette tungvinte tillegget for å forklara at eg ikkje tulla.

Øystein sa...

Så kan ein spørra seg sjølv, kvifor set eg pris på at årstalet er teke med? Vel, for det fyrste er det fint å tenka på at han som skriv "i deg få leva, i deg få anda ut" har anda ut, utan tvil som kristen. Dessutan kan ein setja seg inn i kva situasjon forfattaren fann seg sjølv i når han skreiv salmen og så bort etter.

Øystein sa...

Og så er det noko fint med alt som er gamalt. Ein salme som har levd i 125 år har prova at han har livsens rett, langt ut over forfattarens mykje kortare liv.

Hallvard sa...

Hehehe! Sjølv om eg godt skjønar kva du vil fram til er det ganske morosamt å lesa meg gjennom framgangsmåten din for å koma dit.

Forøvrig, den nynorske teksten til Jesus, styr du mine tankar er av Bernt Støylen frå 1906.

Monika sa...

for ein kjekk overraskelse! da sista eg gjorde før eg gjekk på jobb, var å skriva detta innlegget. kjeme heim, og finne ikkje mindre enn 6 kommentarar! da va triveleg...
e forøvrig veldig glad i denna salmen! kanskje me kan skriva ned fleire gamle fine salmar?

Monika sa...

lura på om livåruss veit at ho heite nett da. hokse at eg syns da va så rart når folk berre kalte ho fø "liv". da vatt liksom litt feil.
ein annan gong va da nokon så spurte meg om veien te lars opedal. og eg klarte berre ikkje å skjøna at da va nokon i nærleiken så heitte da. hadde berre høyrt om nilsa-lars.. ganske artig.