fredag, juli 08, 2005

Ymse teknisk om journalistyrket

Denne artikkelen dreier det seg om [700kb]. Eg har nett no skrive ein epost til forfattaren av artikkelen, Alf Kjetil Walgermo, som er journalist i Vårt Land. Eg legg eposten ut HER, for dei som tykkjer slikt er interessant.

5 kommentarer:

Hallvard sa...

Hehe, det hadde jo vore morosamt viss du og godeste Alf Kjetil vart vener..
Denne mailen er jo omtrent like velformulert som eit essay på vidaregåande! Er det litt smisking du er ute etter, eller?

Øystein sa...

hehe, god morgon, kjære bror, og takk, så vidt eg veit er smisking noko ein utfører og ikkje noko ein er ute etter, er er interessert i ingen av delene, men eg er interessert i det eg skriv om. Der var det på tide med eit punktum. Eller tenkte du på smisking frå di side? Ikkje det heller, sjølv om det er kjekt at du likte eposten.

Smisking. I ordboka står ordet forklart med "innynde seg ved vakre talemåter". Alle er sjølvsagt velkomne til å innynde seg hjå meg, då. Einaste, det er litt synd at noko så fint som å tala vel om andre har fått eit så stygt ord på seg. På hi sida, når ein bruker dette til å skaffa seg ein posisjon eller anna, fortener det eit slikt ord. Det er ikkje lett å skilje kanskje, når det er oppriktig meint og når det berre er smisk.

Hallvard sa...

Det kunne eg gjort, hadde eg vore interessert i dette. Eg har ikkje lese artikkelen.
Og medan me er inne i språk-hjørnet, siterer eg ein av dine setningar:
"er er interessert i ingen av delene." :)

Det eg meinte, var om du ville smiska med Walgermo for å innynda deg hjå han. Og ja, du har rett, smisking er noko ein utfører.

Frå spøk til Halvor, tenkte eg over fylgjande i går: det eg likar med komplimentane dine, er at dei er så saklege og ærlege og ikkje gjeng over streken! Ein skjønar at dette verkeleg er noko han meiner, og ikkje berre pjatt han sputtar ut.
Dette skal eg freista å leva etter.

Hallvard sa...

Det trur eg på.
Dette kan jo vera nok ei forhasta slutning (noko eg har eit naturtalent for,) men eg tenkte iallfall på dette både i oppmuntringsinnlegget til Monika og i kommentarane på dikt.no.
Sakleg, ikkje overdrive og ærleg. Til og med motargument mot din eigen kompliment gav du meg på msn! Då har eg ikkje noko anna val enn å tru på det du seier.

Knut Rage sa...

Gløym no den diktafonen. I 1995 intervjua eg lyrikaren Sigbjørn Heie over to heile sider. Av visse årsaker enda det med at eg gav han ei utskrift av spørsmåla eg hadde tenkt å stilla, og så svara han skriftleg på dei. Det vart særs vellukka. Som ein lesar sa: "Det var mest som du verkeleg høyrde Sigbjørn." Jaja.