laurdag, juli 09, 2005

Tur til Alsåker.

Før eg tek til: Eg kom på noko her ein dag. De hugsar på ungdomsskulen, når me hadde vore på helger, kurs, leirskular og slikt, og me måtte skriva logg? Eg hugsar eg alltid pleidde å avslutta med eitt eller anna meiningslaust pjatt: "Me reiste heim, glade og med nye tankar i hovudet. Det hadde vore ein kjekk og lærerik tur..." Lærarane må ha stilt seg litt skeptiske til ærlegdomen min her...

Men uansett. Denne veka fekk eg altså ein melding frå Inger Hanne som hadde fått melding ifrå Sigrid i idrettsklassen om at det vart grilling hjå henne i 5-6-tida på onsdag. Betre kunne det ikkje ha passa, då dette var min einaste fridag denne veka. Helga mi, så å seia. Og denne fridagen kunne eg heller ikkje ha nytt betre! Eg pakka badeshorts, pylser, ketsjup og brus og la i veg.

Den fyrste utfordringa kom med ferja. Sjølvsagt kom eg cruisande i vår fantastiske, svarte golf. (Med "Mors bil" hengjande i nøkkelknippet.) Men eg hadde ikkje tenkt over at eg måtte rygga inn på ferja sidan eg skulle av på Utne og ikkje på Kvanndal. Dette gjekk no litt så som så; eg kom meg no inn og fekk no plassert meg, men fyrst etter at ferjemannen hadde ropt: "Hallo! Da e'kje farle'!"

Etter ei stund kom me så i land, og eg plukka opp Inger Hanne, som eg hadde lova. Ho hadde ikkje sove på ei god stund, og eg var glad over å kunna køyra ein såpass grei bil med TobyMac dundrande frå høgtalarane, så det var ved svært godt mot me køyrde utover og såg etter flagg. Det skulle nemleg vera eit flagg i postkassa der Sigrid budde. Det vart ein falsk alarm då eg hoppa opp og sa: "FLAGG!" Eg hadde oppdaga ein slags husflidsbutikk.

Kvelden i seg sjølv vart over forventing. De veit når ein har vore vane med å snakka med folk som ikkje reagerer slik ein vil, og så brått kjem i lag med mange, og samtalen berre flyt av seg sjølv?

Slik var dette.

Me var omtrent 12 stykke, vil eg tru - men den beste delen kom då ein del måtte reisa, og me sat igjen 6 stykke: Inger Hanne, Sigrid, Kirsten Elisabeth, Åsmund og eg. Eg hadde nemleg bestemt meg for å ikkje rekka siste ferje heim, men heller køyra om Odda, så kunne eg skyssa Åsmund og Inger Hanne til Odda i same slengen. Han overnatta hjå henne. Grunnen til at eg vart verande, var rett og slett berre det overlegne selskapet.

Me prata om laust og fast, heilt til me bestemte oss for å ta eit nattleg bad i fjorden. (Min filosofi om bad i fjorden er at det ALLTID er verdt det i ettertid.) Og me bada. Det var kaldt, men verdt det. Kjempekjekt. Og eg køyrte mine medreisande heim. Åsmund sovna i baksetet, og vel tilbake på austsida kjende eg tilfredsstillinga over ein VEL NYTT FRIDAG som ikkje ville koma attende. Sei kva det vil. :)

10 kommentarer:

Hemoxp sa...

Det blei bading i Odda, altså?
Kor då? Ikkje i sentrum, vel?

;-)

Hallvard sa...

Hmm.. Nei, no foregjekk denne hendinga i Alsåker i Ullensvang, ikkje i Odda.
Forøvrig ser eg at eg har gjort den fatale tabben å skriva "Sei kva det vil" i staden for "Sei kva de vil."

Monika sa...

kjenner me denne hemo?

Monika sa...

men eg må sei denne alvsåkerturen din imponerar meg, hallvard! eit så vanvittig kjekt og kreativt forslag til måte å utnytta ein fridag på, skal ein leita lenge etter, iallefall når ein har sommarjobb på lofthus! u go bro :)

Hallvard sa...

Hehe, hjartans!
Anar ikkje kven hemo er, nei.
Eg legg vinn på å gjera alt i mi makt for å la dette verta tidenes sommar, så du må vennligst arrestera meg viss det kjem eit sytande blogginnlegg ein dag om at eg berre har sete og sløva ein heil dag framfor TV-en og no ikkje kan venta til sommarvarmen ha gjeve seg..

Øystein sa...

Velkomen til Hemo, ein medharding.

Hallvard, har du bada enno då? Tykkjer det har vore merkelig stilt på baderapporteringsfronten, veit ikkje heilt korleis eg skal tolka det, kanskje du ikkje har bada?

Hallvard sa...

Viss du tykkjer det er stilt på baderapporteringsfronten, har du ikkje lese innlegget skikkeleg.
I år har eg bada... Skal me sjå: den fyrste gongen var i april, då tyskarane var her.
Dessutan bada eg og Olav Andreas i Opo ein dag... Det vil seia, Olav kom ikkje lenger enn shortsen. (Skryte, skryte.) Dette, kl. 11 om kvelden, var altså min tredje badetur for i år. Og fleire skal det verta, når eg får fri.

Øystein sa...

jamenn har du ikkje rett! eg har gløymt å lese siste del av innlegget, orsak så mykje. Og no skjønar eg at Hemo kunne ta feil. Det kunne vore i Odda.

Monika sa...

ah! interessant. pågrunn av øyla sin 8.kommentar, måtte eg lesa innlegget enno ein gong for å finna ut om øystein hadde rett i at hemo kunne ha trudd at halla og gjengen bada i odda....og...da va rett!...at øystein hadde rett i at....osv...

Hemoxp sa...

Hei folkens!
/me er ein odding som dumpa innom den her bloggen litt tilfeldig. No har eg til og med blogga det: http://ofring.blogs.no/

Målet er å blåsa liv i ein blogg for oddingar... kanskje vi klare det... :-)