onsdag, juli 20, 2005

øystein, kvar er du?

det er ikkje berre "frontar" det er morosamt å skriva om...som tidlegare nemt: friluftslivfronten eller tannkremfronten. det er veldig artig å skriva om ulike "miljø" også. høyrte forresten ein vits eller sketsj eller noko, her i vår, som omhandla det såkalla "knallharde frisørmiljøet" i oslo. -frå "ut i vår hage" eller "team antonsen", eller noko. veldig morro, forøvrig.

så no tenkte eg, sidan eg så levande har skildra friluftslivmiljøet, som me friluftsentusiastar så gjerne likar å kalla det, (kremt), og hallvard stadig gleder oss med glimt frå turistinformatørmiljøet, at det er på tide med ei oppdatering ifrå journalistmiljøet, øystein? har du noko å fortelja om korleis dagane som travel arbeidsmann frå åtte til fire utartar seg? eller er du heilt gåen etter endt arbeidsdag? har igrunnen stor fårståelse for dette altså...

2 kommentarer:

Hallvard sa...

Beklagar fråveret for min del. Eg hadde fri i går, og var knappast på internett.

Hallvard sa...

I dag er eg forøvrig i Kinsarvik, og det er utruuuuleg masse å gjera! Eg kjenner det nesten som om eg gjer ei god gjerning.