torsdag, juli 21, 2005

Mitt liv som hund

Livet som journalist er ingen dans på tastaturet. I dag køyrde eg fram og tilbake til Framnes for å intervjue 3 personar, for deretter å skrive to saker til morgondagens avis. A-saka (3500 teikn) sparte eg noko uklokt til sist, og måtte heseblesande skriva ho på ein halvtime. Det hjalp ikkje på at sjefen ryngde meg og sa at dei ville ta saka (som eg då hadde skrive ei linje av) på framsida i morgon. Ikkje noko rom for screw-up, med andre ord.

På framnes prata eg dessutan med Odd Inge og Håkon Kalvenes og ei jenta som fnisande gjenkjente meg som bror til Hallvard før eg hadde sagt noko om dette. Det var visstnok dialekten som avslørte meg, men då kan ho ikkje ha høyrt Hallvard snakka på ei stund, hans dialekt har eit enormt tidsur over seg innbiller eg meg, som viser årstal, og no reknar eg med at talet som syner seg er rundt 1860.

Elles driv eg på med Harry Potter and the Half-blood Prince til dei som måtte lura, det er ei lang og omstendeleg bok på 607 sider, men det forhindra ikkje redaktøren i Dagen, Odd Sverre Hove, å lesa boka på under eitt døger.

1 kommentarer:

Hallvard sa...

Dagen held seg liksom litt på Framnes... Du har prata med Håkon Kalvenes! Håkon Kalvenes er ein usannsynleg kul person. Han har iallfall vorte det etter Framnestida. Dei møta eg har ledd mest på gjennom Framnes-historia var med Håkon Kalvenes.
Kven var denne jenta som fnisande gjenkjende deg? Korleis såg ho ut? Undrast på kven som er att på Framnes no.