Eg har vore litt lite framsynt på tannkremfronten i det siste. Laurdags kveld gjekk eg nemleg tom for tannkrem. Før den eine dagen i veka då ein ikkje kan få kjøpt. Så i heile går gjekk eg rundt med stinkande munn på jobb, og i dag tidleg gjekk eg òg tom for mjølk. Difor måtte eg finna på noko lurt, fann eg ut. Difor tok eg tannkosten i lomma då eg gjekk ned på jobb på Lofthus, ein halvtime tidlegare enn vanleg.
På Handelslaget fekk eg så kjøpt meg tannkrem og mjølk. Mjølka fekk eg sett inn på kjølen til Besta. Ho stod og ville laga seg pizza for fyrste gong i sitt liv, og stod og steikte kjøttdeig då eg kom inn.
Og tennene fekk eg endeleg pussa på do på Krossvoll. Og nett i stad var det nokre nederlendarar som humra godt då dei såg ein tannkost ståande støtta på ein tannkremtube på bordet ved sida av meg... :)
måndag, juli 18, 2005
Tannkost på jobb.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
16:53
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
hoho. for det var sjølvsagt heilt naturleg å setja opp tannkosten til pynt ved sida av deg på bordet, på turistinformasjonen! heilt normalt det, hallvard.
og tingen e at butikken stenge før klokko fem sikkert? difor kunne du ikkje kjøpa itte jobb....?
Eventuelt at dei fleste butikkeigarar held kviledagen heilag på Lofthus.
Ah - eg tok poenget! Eg kunne kjøpt etter jobb i dag!
Handelslaget stengjer før oss, men kl. 6 no, faktisk. Eg kunne ha forlate min post og sett opp straks tilbake-skiltet i ei stille stund; eg hadde berre litt "god ånde-abstinensar" etter ein heil dag utan tannhygiene.
hehehe! konge! flott, hallvard.
her er det noko muffens. greier ikkje å finne ut kva det er. Noko mystisk med desse kommentarane. Eller kanskje det berre er eg som er litt skutt.
Legg inn en kommentar