Sjekk ut HF dersom de ikkje trur meg.
Die Eltern høyrte eg overnatta i Loen i Nordfjord i natt.
Forøvrig - de veit den trappa som kjem rett før ein kjem inn til Odda? Ei sånn sementtrapp som står rett opp frå ei badebrygge og fører ingensteds hen, berre rett opp i lufta. Lett å sjå frå vegen.
No har eg sett nærare på henne! Eg og Inger Hanne og systera tok ein badetur i ti-elleve-tida i går.
For ein surrealistisk stad!
Berre ei trapp i sement, liksom. Ikkje noko kunstverk, ikkje noko stupebrett, berre steinhard sement som stikk opp. Dei må ha hatt for mykje sement på lager.
Staden heiter Byrkjenes. Ein har utsikt rett ut mot Norzink, eller Boliden som det heiter no til dags... Dette er forøvrig ein fabrikk som stundom minner meg litt om Barad-Dûr i Ringenes Herre. Spesielt når eg køyrer forbi det i buss på kveldstid på veg mot Norheimsund. No er jo dette ei svunnen tid, då.
Men jaaaaaaaaa, ja.
fredag, juli 15, 2005
Hildegunn Soldal jobbar i The Guardian!
Lagt inn av
Hallvard
kl.
16:06
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Trappa er nok eit forsøk på å laga stupetårn, så for mykje sement hadde dei nok ikkje. Eg meiner å tru at det har vert stupebrett der før. Det var også eit stupebrett på den kaikanten av Byrkjenes som er lengst mot Odda.
Elles kan eg fortelje at om du skal susa under kaia med båt og påhengsmotor, må det vera så lavt vatn at propellen slår nedi og den derre splinten (eller kva det no heiter) knekk og båtmotoren ikkje kan gå lenger... Trøst mi, ai knåv!
Legg inn en kommentar