tysdag, juli 19, 2005

friluftslivfronten

sidan du, hallvard, min bror skrive om tannkremfronten, så tenkte eg å skriva litt om friluftslivfronten! må le litt av desse orda. kjekt å skriva om frontar!

men altså: friluftsliv. no er jo ikkje eg det mest utprega friluftsmenneske i heile verda, men eg må sei at når eg vert drege med på tur, og endeleg kjem meg ut liksom, så angrar eg sjelden!
i går hadde det seg slik at etter at mampap hadde forlete meg, skulle eg innom til frisøren ein tur. men i stolen bortanfor meg, sat tilfeldigvis ein av instruktørane frå treningsstudioet, der eg har gått litt... no har ikkje eg vore så veldig aktiv på treningsfronten (nok ein front!!) i det siste, så eg kjente at eg rett og slett fekk litt dårleg samvit der eg sat. så eg bestemte meg der og då for å legga meg på hjul opp bakken og henta treningsutsyret mitt.

men då eg kom heim og fekk roa meg ned, kom eg på at det kanskje var ein annan aktivitet eg heller kunne gjera på treningsfronten, enn å stressa m desse apparata INNE på eit treningsstudio. det var jo tross alt 25 grader ute! så eg bestemte meg for å ringa til britt merete, og høyra om ho var ledig for kvelden, og kunne tenkja seg å gå ein fjelltur med meg. det hadde ho heldigvis lyst til, så etter ei stund la me i veg oppover lia der ho bur.

og så fint som det var! me gjekk oppover til ein stad som heiter hjelmelandsstølen, der det låg tre små sel med utsikt til fjellet "storehesten" og eit lite vatten. det var både vabbe og vaott enkelte stader, for me måtte gå over fleire myrer med både myrull og moltekart. så eg fekk litt sånn vivelikjensle! eg hadde jo så lyst opp dit i sommar, men det var litt vanskeleg å få det til, så dette var eit plaster på såret! det var sjølvsagt ikkje like fint som viveli, men det gjorde veldig godt likavel.

prikken over i-en, var avslutninga; då me kom ned at frå stølen, kom me forbi eit vatten. og sidan både eg og britt merete hadde vore så framsynte å ta med oss bikini, så tenkte me: her er vatn. kva er til hinder for at me kan bada? - i god paulusånd. ( var det forresten paulus?) så det gjorde me! i blikkstille fjellvatn! og det kan SÅ IKKJE samanlikna seg med bading på overfylte sandtrender, med skrikande ungar og stressa mødre... berre eg, og svakt klukkande vatn rundt på alle sider....og ein fisk, faktisk.

men uansett: fantastisk tur! må gjentakast, og kan anbefalast! :)

1 kommentarer:

Hallvard sa...

Hehe. Det var Filip og den etiopiske hoffmannen.
Pappa hadde vorte stolt, og eg vart avundssjuk! For eg må seia at på trass av det faktum at Førde er kåra til Noregs styggaste by, er du heldig som bur ved ledige fjell. Når eg blir stor kjem eg ikkje til å busetja meg på ein stad utan fjell, har eg funne ut. Eg TRENG fjell, og det gjer nok fleire med meg... :)