tysdag, juli 12, 2005

livet på soverommet mitt

jaja. her ligg eg då. mykje betre idag, har t.d. ikkje spydd noko meir sidan i går tidleg, men kroppen vil liksom ikkje lystra heilt. han berre ligg der, slapp og tung, og ler av meg, når eg kjem med forslag om kva me kan gjera. i stad fekk eg heldigvis overtalt han til å bli med meg i dusjen, så det var godt, men no har visst han overtaket igjen....

rundt senga mi har eg ordna meg te med ymse greier for å koma gjennom dagen; eg har masse post som kom medan eg var på ferie, aviser og blad og nokre kjedelege brev. eg har bøker, både oppbyggelege og humoristiske. frukt, snop og diverse drikka. ein balje m ein klut som eg kan ha på panna. og ei bytta. ei spybytta. men den aktar eg å fjerna i dag, sidan eg ikkje har planar om å spy noko meir. og så pcen sjølvsagt. den gode gamle pcen!

det er forresten interessant kor likt folk reagerer når ein seier at ein har spysjuko. det er liksom: "å nei!", "uff!","æsj!", "stakkars deg!", "offameg dao!", og liknande. kanskje eg har funne eit felles multiplum på medlidenhetsfronten!? alle veit kor felt da e å spy...
jaja. nok om spying.

tenkte eg sko finna meg ei skjeva eller knekkebrød elle inkvat, og sjao om da gjenge ner!
kos deg i bakarovnen. her e da faktisk litt øveskya idag, så då e da ikkje så gale å ligga inne. so long!

4 kommentarer:

Hallvard sa...

Skyt meg, men eg hadde faktisk gløymt ordet balje. Så vakkert! På golvet har eg ein balje. Min ven baljen. Baljen med kluten til panna mi. Eg trur eg skal skaffa meg ein balje.
Hadde nett ein interessant religionsdiskusjon med Helge, og eg har dessutan lese ca. 50 sider av "Sult" utan vidare konsentrasjonsproblem. Alt eg kan seia er at boka er fengjande...
Übrigens: Schizofrenien lenge leve... Har du tenkt å gje din andre personlegdom, kroppen, noko anna namn?

Øystein sa...

hehe! da minne meg om den tommy og tigern-stripo, hallvard: "Jeg liker til og med ordeet frakk! frakk, frakk, frakk, frakk, frakk, frakk"

Monika sa...

hahahaha. å no fekk eg meg ein god latter her i sjukesenge mi! fantastisk m familiehumor :) tenkte faktisk på da då eg skreiv ordet "balje", at da e eit ord eg sjelden bruke... hokse de forresten dan brune baljen som mamma hadde kle i,og som va plass te to bådn i? trur me ha eit bilete av meg og øyla i dan, bak huset, onde dan store steinen.

Hallvard sa...

Hehe, stemmer, det! Trur eg har sett det i albumen.. Baljar er nok eit åttitalsfenomen, tippar eg. Sikkert difor eg ihadde gløymt.