I dag er det nøydt til å vera førti grader i sola, eller noko slikt. Då eg skulle gå ned til Krossvoll i shorts og T-skjorte var sjølv dette varmt.
Men no sit eg altså inne på turistinformasjonen, og temperaturen her inne er behageleg. For å få tida til å gå, les eg ei gamal bok av Ole Hallesby som eg fann: Fra bønnens verden.
Ho er ganske kjekk! Ho får meg til å få lyst til å leva sterkt for Gud att, og eg kjenner meg godt att i det han skriv om kristne som ikkje får det til på 1920-talet.
I går fekk eg komla med flot nede hjå Besta. Eit måltid det går lenge mellom kvar gong ein fær. Men det bles så mykje at eg fann ei plante fykande bortover asfalten framfor huset deira då eg gjekk ut.
Liknande syn møtte meg då eg kom heim. Hagebordet låg opp ned i plenen, med ein bit knekt; den fann eg att på veg mot Elvabrotet. Engletrompeten var dessutan vindskeiv, og pasjonsblomen låg på plattingen.
Olav Andreas er forøvrig enno i Søgne, på korhelg med Via Vitae. Vil du vita meir om dette koret, finn du meir informasjon på denne sida.
Dersom du òg går innpå medlemslista, er det bilete av dama hans der; Kristina.
Duty calls. No veit de i alle høve kvar de har meg.
tysdag, juli 05, 2005
Ein god, gamaldags rapport
Lagt inn av
Hallvard
kl.
15:45
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
heyhey! kjekt med god gamaldags rapport! Eg har 3 artiklar på trykk i Dagen idag.
Har dessutan vore nere i redaksjonen hos Dagen, og fått vita detaljane kring sommarjobben. Eg skal jobba frå 8-16 kvar 5 dagar i veko i 5 veker! Da blir stas og pengar!
hi from canada,
your blog is very interesting!
For ikkje å SNAKKA om nynorsk. Hehe. Tre artiklar, faktisk! Ska sjekkast på nettdagen.
Ska senda neste rapport snarleg.
morgonzola! Ja, men dei ligg nok ikkje på nettdagen... Fortel frå grsdagens selskap, då!
Legg inn en kommentar