måndag, juli 25, 2005

og kva skal eg gleda dykk med i dag? har jo litt lyst å skriva litt innlegg sånn fø å bevisa at me ha ein uhyre aktiv blogg!
eg kan jo til dømes fortelja om det irriterande veret som har vore her i dag:....vakna, drog til sides gardinene, og konstaterte til mi store glede at det var strålande sol ute! klokka var sju, og eg hadde nokre timar med jobb framfor meg, men, tenkte eg, -eg kan jo nyta sola i kveld!
ved lunchtider, nytta eg høvet til å eta skjevene ute, og gledde meg meir og meir til å sola meg når eg kom heim. hadde i tillegg fleire ærend utandørs denne dagen, og kvar gong tenkte eg: -for ein nydeleg dag!
men...hadde eg ikkje før sett meg i bilen, rulla ned vindauga, (og åpnaTAKLUKA,som eg har på min fantastiske nye honda civic iS, 97 modell..) og byrja ¨på heimveg til førde, så byrja det jammen å regna... superkjipt!! og det har det nesten gjort sidan...eller mest overskya då, men iallefall ikkje noko sola-seg-ver. definitivt ikkje.
så so e da--

0 kommentarer: