måndag, juli 18, 2005

campingforeldre

har nett hatt besøk av mampap, desse foreldra våre som plutseleg har hive seg på campingbølga, viss det går an å kalla det for det. interessant var det. dei har nemleg vorte svært så impulsive, der dei cruisar rundt i sin kvite kassebil. køyrer til dei ikkje vil meir, og finn seg ein fin plass og blir der ei stund. svært så ulikt frå slik dei plar å leggja opp ferien sin. impulsive, er kanskje ikkje noko dei er så veldig kjent for å vera. dei har bestemt seg for å køyra mest mogeleg småvegar, på si ferd mot det store austland. så kven veit kor mange dagar dei brukar over fjellet. men eg har iallefall sett dei trygt avgarde.

elles er det varmt og deilig i førde idag. 25 grader, og lettskya. så eg tenkte eg ville setja meg ut m ei god bok eller noko. so long.

2 kommentarer:

Hallvard sa...

Ei god utnytting av ein god dag.
Hehe, eg ser for meg die Eltern vert ganske sprelske som pensjonistar... :)

Monika sa...

hehe. ja det trur eg på. har nett hatt ein aldri så liten prat m dei i telefonen. og dei står no på tunet hos Birte i sogndalsdalen... hadde invitert seg sjølv på kaffi og greier, og funderte på om dei skulle bli der natta over... er berre ein ting å sei: dei overraskar stadig!

vart forresten ikkje boklesing likevel. men skal snart på tur m britt merete. kan bli veldig fint! litt meir tyngre skya no då, men...