etter å ha mista ein lang og velformulert blogg på målstreken, skrive eg ein ny, på trass! utruleg irriterande å mista sånt, altså. jaja- sånn kan d gå- men no har min gode venn eirin tipsa meg om at eg må kopiera det eg skriv, før eg pøblisje. så no har eg lært...
fekk telefon idag, frå naustdal kommune om at eg ikkje får den faste 100% drømmestillinga som eg hadde søkt på. fantastisk kjipt, i og med at eg byrja å sjå føre meg god turnus, enkle brukarar, fri jul og nyttår, fagleg relevanse til utdanninga, god lønn, osv...
så no spørs det kva stilling dei kjem til å tilby meg. dersom d er mindre enn 50% må eg nesten sjå meg om etter noko anna. har jo tross alt ein bil å betala ned. alternativet måtte vera å flytta inn hos britt merete i bygstad, og spart mange tusen i husleige i året...hmm.... eventuelt kunne eg fått meg deltidsjobb ein annan stad, på si.
elles har dei lyst ut interessante stillingar både i sogndal, bergen og ullensvang, som eg kan søka på. sistnevnte er jo litt spesielt då...er liksom ikkje sikker på om eg vil flytta heim til lofthus med det første på ein måte...
men eg trudde liksom ikkje at eg skulle flytta frå førde enno! føler meg ikkje ferdig her. men det gjer og, at eg er lite bekymra for denne saka! ting har ein tendens til å ordna seg, iallefall når ein har Gud med på laget :) og etter helgas kongebra og inspirerande leir m NfJ på Framnes, er ikkje mismot det ordet som ligg mest latent i meg for øyeblikket.
me fer sjao- eg såg forresten ein augnastikkar i dag! da e lenge sidan altså! sinnsykt.
torsdag, august 04, 2005
tvangsblogg
Lagt inn av
Monika
kl.
00:18
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg hugsar ein gong du tok meg til sides, eg trur det må ha vore rett etter at du flytta inn hjå Hall&Joke, og sa: "du trur eg kjem te å flytta tilbake te Lofthus ein dag, du", sjølv om eg eigentleg ikkje trudde dette. No kan me kanskje båe måtta revidera dette synspunktet!
hmm....då eg flytta te bergen va eg sikker på at da berre va for ein periode eg sko bu dar. men itte kvart som eg likte meg betre og betre, konne eg mindre og mindre tenka meg å flytta te lofthus igjen.
no merke eg at eg e litt "likegyldig" på ein måte, til kor eg skal bu. da viktigaste e at eg e dar så Gud vil ha meg. men eg må jo sei at eg hadde våtte overraska viss eg sko flytta allereide...fø eg føler meg ikkje ferdig i førde enno.
når da e sagt...konne vå kjekt å prøvd å bu på lofthus igjen, ein periode. iallefall sidan både Guro og Anne Cathrin bur heima no. sjølv om da jo e mange tankekors i flyttetankane og...
Eg såg augnastikkarar i Setesdalen!
Legg inn en kommentar