Overraskande nok har altså Lufthus fått skryt på www.ofring.blogs.no, for å vera ein god, aktiv blogg. Takkar og bukkar. Mykje av denne rosen kan nok forklarast med keisemd på turistkontoret for min del. :)
I desse dagar gjer Besta livet åleine heime litt enklare for meg: me har inngått ein deal om at når ho har tid, lagar ho middag til meg når eg kjem heim frå jobb. Dette er eit kjekt opplegg. Besta sin mat er alltid litt betre, og det er moro å byggja bru mellom to så ulike ståstader som eg og ho har.
I går hadde eg forøvrig ein artig samtale med Jan!
Etter å ha ete hjå Besta, kom eg på at eg hadde gløymt ein pose eg skulle ta med til Lofthus, i Kinsarvik. Dessutan måtte eg fylla bensin. På denne turen fekk eg altså både mi fyrste bensinfylling og min fyrste haikar nokonsinne. Det var Jan som skulle til Lofthus.
Me kom i snakk om sjakk, Settlers og andre spel, og eg nemnte den legendariske omgangen mellom Alf Magne og Øystein på 4 timar, der Øystein for fyrste gong vann. Det var ofte dei to av oss syskena som spelte sjakk i lag, sa eg.
"Eg syns eg ser di," sa Jan. "Sitte der, e heilt oppslukt og seir: SØREN og!" :)
laurdag, juli 16, 2005
Skryt og deal med Besta.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
14:50
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
hehehe... Jan e kongen på kommentarar! ikkje minst den derre om øystein, så var så etablert og greier. hokse ikkje heilt ordlyden, men hokse eg lo godt.
du og besta ja! de e nok ein fin gjeng. så får ho selskap og, det tykkjer ho nok mon i...
syns d er litt artig m denna gjengen i odda, som beundrar bloggen vår. pussig. lurar på korleis dei snubla over an... men det er jo ein fin blogg! eg er ganske stolt av an. ganske bra at du kjedar deg så på turistkontoret!!
og eg visste faktisk om Hildegunn. ho sa det på klassefesten i fjor. litt status sikkert.
ha ein fortsatt fin dag alle mine brør, og andre beundrar. og helsa Besta Hallvard.
Ska eg gjera.
Legg inn en kommentar