Eg står og skriv dette, fordi eg snart skal skru av dataen. Hadde eg sett meg ned, ville eg for comfy vorten. Eg må nett skriva nokre ting eg kjem på, som innbyrdes har liten samanhang.
1. Kva meinte Hallvard. Me gjekk opp frå huset aokan i erleveien (ein bratt bakke). Eg bar sykkelen min opp, og Hallvard spurte i eit mykjeseiande tonefall om eg måtte bæra opp sykkelen min kvar gong. Kvar gong etter dette, når eg har bært sykkelen opp bakken, har eg så tenkt på denne episoden. Ikkje med vondt blod, eller noko slikt, men eg må få fred. Kva var det som undra bror min slik?
2. Eg er tilbake i Bergen.
3. I dag hadde eg ein artikkel på trykk i Dagen.
4. Skal ein kjøpa brukt bil, bør han ikkje vera eldre enn 5 år, og ha gått under 100 000 km (Det sa ein som visste det), viss ein ikkje kan noko om mekking. Ein diagnose som gjeld alle med skribentprivilegier på denne bloggen.
5. Eg sparar til heilskjegg. Skal snart posta eit bilde av min provisoriske bart.
6. I morgon skal eg skriva eit oppmuntrings-innlegg til Monika.
7. No må eg skru av. God natt.
tysdag, juni 21, 2005
Ting eg kjem på
Lagt inn av
Anonym
kl.
22:44
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Eg tvilar vel på at dette kjem til å vera av noko som helst slags hjelp. Men, som du sikkert ville tippa frå før, meinte eg ikkje noko særleg med denne sykkelepisoden. Det var sannsynlegvis ein gong eg ikkje hadde noko anna å snakka om, og tykte det var tungvint å måtta bera opp ein sykkel eit par titals trappetrinn.
Legg inn en kommentar