tysdag, juni 21, 2005

kjekt kjekt

eg skal bli oppmuntra! og eg gler meg til dette :) sett igang!!

heilskjegg altså. hmm....jaja. det kan jo bli fint kanskje. iallefall etter litt tilvenning. eg syns no du e fin no og eg då...

få fred ja. eg lo etter denne første tanken din, bro. og skjønar kva du meiner. me hadde om det på psykologistudiet. at ein koblar ein tanke til ei bestemt hending, stad, lukt eller liknande. hukommelsespsykologi var det, trur eg. eg til dømes har ein sånn ting med eit bestemt hus på nedsida av vegen på vei frå sekse til lofthus. det er todelt i fargen. grønt oppe og kvitt nede. KVAR gong eg ser det huset, kjem eg på ein bestemt vits, som ein elle annan (sikkert pappa) serverte ved ei anledning me passerte det huset. vitsen er som følger: (ikkje at det er relevant men....for å stilla nysgjerrigheten dykkar...) "vet du hvorfor de alltid plasserer aldershjem i nærheten av sjøen? -for at de gamle skal få RO." - ikkje e an morsom, og ikkje e an riktig heller, sidan svært få gamleheimar ligg ved sjøen...men anyway. eg kjem iallefall alltid på denne vitsen då.

bilkommentaren gidde eg ikkje kommentera. fø da e kjedelig. men no kom eg akkurat på at eg jo har skrive eit nytt innlegg, istaden for å skriva detta som kommentar på øyla sitt innlegg. jaja-

2 kommentarer:

Hallvard sa...

Eg kjenner att dette med hukommelsespsykologi! Det triste er berre at eg ikkje kjem på nokre bestemte eksempel. Truleg er døma mine såpass underlege og subtile at dei er vanskelege å koma på. Men neste gong eg legg merke til ein slik situasjon, skal eg rapportera han her.
Mamma har forresten òg fortalt om dette! Det er ein sving mellom Lofthus og Kinsarvik som ho køyrer i kvar gong ho skal på jobb. Og kvar gong ho passerer her, kjem ho på noko Beste sa til henne då ho lærekøyrde:
"Foten på bremsen."

Monika sa...

hehe. bra. eg hugsar frå psykologitimen, då me hadde om dette, at me skulle helsa på kvarandre. og istaden for å vera så opptatt med å få presentert seg sjølv på ein god måte, skulle me freista finna ein "knagg" å hugse den andre personen sitt navn på. eg helste på ein som heiter bjørn, og fann knaggen bjørn havregryn. ( av ein eller annan grunn) så den dag i dag, er faktisk han den einaste eg hugsar navnet på frå klassen! og det er fordi eg ved å finna ein sånn knagg, fekk minnet til å gå frå korttids- til langtidsminne. -uhyre interessant dette! morro :)