tysdag, juni 21, 2005

Ei ny verd!

I dag har eg hatt fri frå jobben, og fengje låna golfen.
For ei oppleving! For eit privilegium det er å køyra bil! Parkera, susa av garde i åtti, bremsa ned for ungar i vegen, stoppa av hensyn til ein motkomande bil i Klungerstadbrekko... Alt er kjekt!

Lappen kom òg i posten i dag. Han er midlertidig og varer fram til mars neste år. Så eg trur nok ikkje det vert dei heilt store råne-tilstandane på meg enno... Dessuten bør eg vel læra av tabben til Brynjar, som har mist lappen av å køyra for fort.

0 kommentarer: