Stundom kan visse tankerekkjer vera sjølvoppfyllande profetiar. Eit døme på dette kan vera ein tanke Monika stundom har ytra, nemleg: ”eg er dårlig med pengar”. Tenkjer ein det mange nok gonger, vil det til slutt framstå som sant. Eg var aldri noko god i økonomi på gymnaset. Eg sanka inn min einaste 3-ar i det faget. Men enkel rekneskapsføring er ikkje så vanskelege greier, har eg oppdaga. I botn og grunn er det berre så mykje pengar har eg, så mykje pengar treng eg, og så mykje pengar kan eg bruka o.l. Eg trur ikkje på at Monika har dårlige evner på det området. Eg trur heller at ho tykkjer det er så kjedeleg at ho droppar å tenkje på det. Det er meir enn forståeleg. Men det har ingenting med evner å gjera.
Det er tankegangen eg vil til livs. Han dukker opp att med ujamne mellomrom. Seinast i nokre av Monika sine kommentarar om litterær kvalitet på familiekompaniet. Nokre sitat som syner dette: ”er vel ikkje noko eg kan bidra med her”, ”detta e sikkert noko innvikla noko, som eg sikkert ikkje ha glede av”, ”eg lar erlend loe, knut rage og øystein lid skriva, og så kan eg sysla med mine andre gode eigenskapar”. Det står respekt av at Monika overkjem desse tankane og likevel tek utfordringa. I eit seinare innlegg syner ho dessutan god innsikt og dømmekraft når det gjeld dei litterære døma eg hadde lista opp. Det ho skreiv i kommentar nummer 9 er slikt som kunne vore henta frå ein diskusjon i eit auditorium om litterær kvalitet på mitt fakultet. Det er slett ikkje så vanskeleg, snarare spanande og kjekt. Den låge trua på eigne tankeevner viste seg dermed å vera heilt ubegrunna.
Eg vil altså oppmuntra Monika til å tru at ho kan, for det er det som er sanninga.
onsdag, juni 22, 2005
Ei slags oppmuntring
Lagt inn av
Anonym
kl.
18:17
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Eg vil nytta høvet til å få sagt at eg er ein dårleg oppmuntrar, og ikkje får til ein meir styrkjande kommentar enn "Er du vorten, depressiv på dine gamle dagar, Monika?"
Forøvrig: Økonomi er noko eg òg er svært dårleg på. Men det eg trur er skilnaden her, er at eg ikkje har lyst til å vera betre på det, heller. Eg hatar økonomi. Alle desse tala og prosentane gjev meg inga glede. Kvar gong eg kjem borti dette, må eg verta forklart ting fleire gonger før det søkk inn. Eg kjenner meg dum når eg må forstå økonomi. Sist gong var då eg skulle skaffa meg BSU i banken. Noko drit.
Eg tykkjer det er flott at Monika prøver seg på fleire område. Men eg tykkjer òg at dersom folk vèl å fokusera på eitt område til bakdelen (?) for eit anna, bør dette respekterast, når dette ikkje er livsnødvendig for å overleva.
pmf!
Legg inn en kommentar