måndag, juni 06, 2005

Og me gratulerer Ingebjørg Seim med vel overstått...

Forøvrig er den store slaske-skulen byrja!
Dette er den kjekkaste tida på året. Tida etter dei store prøvane, då ingen tek skulen særleg seriøst, men møter opp og bablar vekk tida. Anten sit ein og ser film ein heil time, eller ein kan øva til munnleg eksamen. Men ingen fylgjer med.
Lekser fær ein heller ikkje, for sannsynlegvis skal ein aldri meir ha ein time med det aktuelle faget. Karakteren er fastsett. Det som skiljer ein god elev frå ein dårleg er om ein møter opp, eller ikkje.

Ah... Kunnskapen er lett å bera...

0 kommentarer: