torsdag, juni 23, 2005

Takk takk!!

eg finn det svært artig at eg no er vorte eit tema på bloggen vår! hehe. det er morro. mykje bra skrive her, så eg trur eg skal sei litt sjølv og.

når det gjeld økonomi, så er eg einig m yngstebroren at det er sinnsvakt kjedelig! eg hata å styra med innbetalingar og sånn. ikkje fordi eg føler meg fattig eller blir deprimert av at alt er så dyrt og sånn. eg berre syns det tar så masse unødvendig tid. men ein annan ting er at eg har veldig dårlig hukommelse når det gjeld tal. eg lærer meg feks aldri kor mange innbyggjarar det er i ullensvang eller lofthus, sjølv om det hadde vore kjekt å visst til tider. og eg trur eg har litt dårlig begrep om kor store tall er....men det heng jo sammen med at eg har så lite interesse for det.

men det fins nokre område der eg med fordel kunne hatt litt betre tru på eigne prestasjonar, som øyla seir. t.d. matlaging. etter at hanna prenta inn i meg at det ikkje er så vanskeleg å laga god mat som eg trur, begynte eg faktisk å eksperimentera litt med dette. og oppdaga til mi forskrekking at det var sant!bortsett frå krydringa då...

og så er det matte. eg må innrømma at eg ofte syns matte var kjekt faktisk! særleg x og y og sånt. og kjekt å få løkoen til å gå opp til dømes. men sidan det var kult å hata matte, måtte eg og hata det følte eg. pluss at alf magne var jo så flink i det, så då kunne jo ikkje eg vera det. hmmm

til slutt er det skriving. eg er igrunnen veldig glad i å skriva, og har alltid vore det. men her må norsklæraren på vidaregåande ta litt av skulda. for eg skreiv flotte forteljingar og noveller på heile ungdomsskulen, og fekk ofte bra karakter. men fordi det var så sterkt fokus på å skriva faglitteratur og ressonerande framstilling, og me sterkt vart fråråda å skriva fantasiforteljingar, forsvant skrivegleda mi.... og no har liksom du, øystein fått den rolla om å skriva, så då tenkjer er på ein måte at det ikkje er rom til fleire....men det er jo berre tull igrunnen.

slik er det med gitarspeling og. eg plar alltid seie at eg ikkje kan spela gitar, fordi eg ikkje kan spela like bra som alf magne...men det er jo dei færraste som kan! og eg kan jo spela til enkle lovsongar, som eg har øvt på til dømes, og det er betre enn mange...

så bra at ein kan få lov å ha mange interesser og evner uten å ve verdsmester i det!! :)

6 kommentarer:

Hallvard sa...

Denne siste linja ligg det mykje i!
Dersom til dømes eg skulle måtta verta god i noko som ingen andre av syskena mine er god i, kva skulle det verta av meg då? Snowboardar? Eg er i grunnen svært dårleg på snowboard. Eg er ein typisk skidag-snowboardar (jf. festrøykar.) Men ein kan få nytta sine evner utan å vera banebrytar og utan å vera verdsmeister. Sjølvstendig vert ein tidsnok uansett.

Hallvard sa...

Forøvrig: Løko hadde eg beint gløymt! Det ligg i meg som eit fjernt minne frå fortida, i lag med Nrk sitt skulefjernsyn og Pappas Janis Joplin-briller og anna som minner om Aust-Tyskland.

Øystein sa...

Eg og samanliknar meg ein del, og ser at eg ikkje bør gjera det. Det nivået eg når som skribent til dømes, vil alltid ligga under nivåa andre har nådd (det fins kanskje ein person som er den beste skribenten i verda? vel, det er for vanskeleg å skilja mellom så gode skribentar). Men det vert vel best sagt av klisjéen; ein lyt gjera det beste ein kan med det ein har? Eg anser forresten meg sjølv til å vera den beste bærplukkaren i familien!

Ingvild sa...

Eg trur at det fins mange som er flinke i matte! (og mange som egentlig liker det innerst inne..)

Ingvild sa...

Eg veit ikkje ka løko er.

Hallvard sa...

Øystein: Takk for at du øydelegg mine illusjonar om at ein ikkje må vera best i noko for å ha det fint med seg sjølv... Hehe.
Kanskje vil eg snart nytta mine bærplukkingsevner, eg òg.