Eg gjorde meg fylgjande tankar natt til i dag, på den tida av døgnet då mange av mine beste tankar kjem.
Kom gjerne med innspel.
"Kva vil det seia å nyta noko? Vil det rett og slett seia å oppleva noko kjekt med vissa om at dette vil eg aldri oppleva att? Gjer denne vissa kjensla større?
På ein måte. Slik kan ein seinare tenkja attende og vita at då, då opplevde eg ein stor augneblink! Og det er vel nett det som er poenget med store augneblinkar? At dei skal hugsast?
Dersom ein berre opplever noko stort, men ikkje er klar over kor stort det er, vil ein kanskje hugsa det dårlegare i ettertid?
Denne kvelden fekk Speed of Sound av Coldplay meg til å tenkja: "For ein sommar dette er!" Dette vil eg aldri oppleva med denne songen på same måten att! Så stort at eg har fengje gjort det!"
torsdag, juni 23, 2005
Kva vil det seia å nyta noko?
Lagt inn av
Hallvard
kl.
15:45
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Eg tykkjer du er vorten litt optimistisk (i tydinga ein som ser ljost på livet) på dine gamle dagar?
Tja, dersom det at ein lever hand i hand med forgjengelegdomen er optimisme, så... :)
Men du har nok litt rett. Ein rest av pessimismen vil det nok alltid finnast, men likevel - han er ikkje like framtredande i livet mitt som han var. Det er nok fleire ting som er skuld i dette, men dei kjem eg ikkje innpå her.
Når det er sagt; pessimistar kan kjenna seg vel, dei òg.
Men noko eg kan leggja merke til i dag, er at dersom eg no snakkar med ein ekte pessimist, kan eg tykkja det personen seier er ganske morosamt.
Eg nyter ein sjokolade, og veit at det kjem fleire!
hehe. det er dette eg likar så godt med bloggen vår, at me kan ha djupe og lette utsagn hand i hand! :)
Her skal det vera rom for alle, som det poetisk vert sagt...
Men kanskje sjokolade-opplevinga hadde vore meir ekte dersom du skulle i fengsel i morgon, og du visste at dette var den siste sjokoladen du ville få eta på ti år?
Legg inn en kommentar