kan nokon fortelja meg da? da e nemlig ein ting eg ha lurt på no litt, med ujamne mellomrom.... dei e jo faktisk utrulig sjølvsikre! eg berre kjeme dar m fiestaen min, i villaste farten (kremt...ikkje sei te pappa!) ( nei, hallvard; kjekatun kan ikkje få tilgang te denna blogen) og ser te mi forskrekking at eg helde på å køyra ned ei linerla...og så berre fortsette an å fly! i samme retning så eg køyre!! og da versta e at dei alltid klare å koma seg unna!! -ER DET MULIG??! ( sagt med nedøve-tonefall, sånn så pappa ville sagt da.) hmm....da va no berre sånn ein ting eg lurte på på ein dag så denna.
syns forresten du kan dela den derre tidleg-morgon-filosofien din med bloggen, halla! vil gjerne lesa igjen!! e da forresten andre som vil dela litt usannsynlege morgontankar med bloggen? eg har til dømes tatt meg i å tenkja, med fult alvor; "nei, eg kan berre sova litt te!da teke jo sånn ca fem min å gjera seg klar te å gå på jobb....." -og trudd på da.
og så lure eg på ein ting te: eg syns å erindra frå norsktimane på gymnaset at forfattarspirer i oslo gjekk rundt og fraus og svelt, og ikkje fekk gitt ut manuset sitt og sånn. og ikkje vart kjent før langt itte sin død....men korleis ha da seg då, at ein forfattar som erlend loe, kan gi ut ei bok om (tilnerma) RIVELINJER PÅ DOPAPIRRULLAR,--- og bli berømt!!!
eg skjønar da berre ikkje!! e da da at me no ha så låg terskel fø ka som e salgbart at me eigentleg kan skriva ka som heslt? and if so: KVIFOR har me då teke LAAANGE utdanningar, med MILLIONAR i studielån, når me berre kunne skrive ei bok om rivelinjer??? svar mottas m takk
fredag, juni 17, 2005
ka e da med linerler?
Lagt inn av
Monika
kl.
23:47
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Jo, takk... Strengt teke visste eg at denne berre var berekna på oss syskena, frå før. Men nok om det.
Eg beklagar at eg ikkje har vore så blog-oppdatert i det siste.. Store ting har nemleg skjedd i kjellarstova heime... Skal informera meir i eit innlegg seinare. Då kjem sikkert morgonfilosofien òg!
Forøvrig... Då eg spurde pappa om eg hadde køyrt på ein fugl ein dag me lærekøyrte, svara han noko slikt som:
"Nei, dem HAAAR SÅNNN balanse, de fuglane..." Pappa har nemleg i sitt 54 år lange liv aldri køyrt på ein fugl, og eg tvilar på at frekkleik berre gjeld linerler. Have no fear.
Det siste er eit godt spyrsmaol! Sannsynlegvis er det stor forskjell på 1800-talsforfattarane og dagens. No finst det jo seriøse forfattarar i dag som vrir angsten ut av hovudet og får håplaust depressive bøker ut av det, men dette les nok ikkje einkvar søppeltømar. Det var nok òg bærre øvste samfunsskrinsen som las Hamsun med ein gong bøkene hans kom ut.
Så, fordi mange i dag set pris på å lesa ei god bok, og lesekunnskapen i dag er betre enn før, kan ein no selja godt på bøker om rivelinjer, dersom ein er litt festleg, og kan skriva. Men slike forfattarar er nok ikkje særleg velsedde blant Nordisk Råds Litteraturpris-komitéen.
Når eg tenkjer etter, er det jo Øystein som har mest peiling på dette, då, så eg anar vel eigentleg ikkje kva eg har begitt meg ut på.
Eg derimot. Ein av dei aller fyrste gongane eg fekk låna svigermors bil, meia eg ned ein gigantisk sjøfugl. Han hadde sjølvtilliten i orden, men ikkje sjølvopphaldingsdrifta. Når desse to kjem i konflikt bør ein la den siste vinna. Det har berga meg så langt i livet.
Hmmm, litteratur. Tingen med Erlend Loe e vel nettopp da at han skrive så enkelt, og "naivt". Han kunne selga på da fordi ingen andre skreiv slik. Han var original.
Det vert colombi egg om att (de hugsar vel historia: Ei forsamling sa at dei kunne like godt ha utført bragdene Colombus hadde utført (altså: vera oppdagingsreisande). Colombus spurde då forsamlinga korleis ein kunne balansere eit egg på høgsida (?). Ingen fekk det til. Og Colombus tok egget, kakka det i eine enden, og så sto det): Alle kan skriva som Erlend Loe, men det var Erlend Loe som gjorde det...
Til Monika: Den boka eg driv på med no, trur eg du og kunne likt. Ho heiter "portrett av en dame" av Henry James.
Til Hallvard: Kva bok av Knumsern e da du ska låna?
Fuglar som driv ekstremsport kallar eg dei. Eller ekstrem-fuglar.
Eg visste ikkje heilt kva for ei bok det vart, før Popof kom heim med henne: Pan!
Eg byrja på henne i dag. Vanvittig stilig, spesiell og nyskapande måte å skriva på!
"Sådan gikk mang en nat."
Hm... Sjølvtillit og sjølvopphaldningsdrift.. Dette har eg ikkje tenkt over før. Godt sagt.
I skrivande stund undrar eg meg over korleis eg i alle dagar presterte å skriva berre med Æ i fyrste kommentar!
Legg inn en kommentar